Pårørandeskulen i Kinn kommune 2025

Fire vaksne kvinner som sitt rundt eit bord og pratar. - Klikk for stort bilete Aldring og helse

Har du familie eller nære venner med demenssjukdom? Vil du delta på pårørandeskulen? Hukommelsesteamet i Kinn kommune (HUK) arrangerer pårørandeskule med oppstart onsdag 5. februar i Florø, og torsdag 6. februar i Måløy.

Om pårørandeskulen

Det vert to like kurskonsept både i Florø og i Måløy. På kvar kurskveld vert det ca. 45 min med informasjon frå ulike førelesarar før det blir ein kaffipause. Siste del av kurskvelden blir ein inndelt i mindre samtalegruppe der du får snakke med andre i samme situasjon.

Pårørandeskulane skal vere ein møteplass som gir pårørande støtte til å meistre praktiske og følelsesmessige utfordringar. Skulen er eit samarbeid mellom Hukommelsesteamet i Kinn kommune, Nasjonalforeininga for folkehelsa ved Vågsøy Demensforeining og Krokane Sanitetslag i Florø.

Vi hjelper deg med transport dersom det er vanskeleg. 

Tema

  • Sjukdomslære
  • Kommunikasjon og samtaleteknikk
  • Tenester i Kinn kommune
  • Velferdsteknologi
  • Viktigheit av aktivitet og deltaking
  • Pårørande si historie og oppleving

Påmelding

Påmelding innan 3. februar 2025.

Kontakt demenskoordinator Leni Klakegg på e-post leni.klakegg@kinn.kommune.no, eller telefon 46 80 06 02.

Tid og stad i Måløy

Kulatoppen omsorgssenter (i kantina i E-fløyen).
Tid: Klokka 19.00 og varar til om lag klokka 21.00.

Datoar

  • 06.02.2025
  • 13.02.2025
  • 27.02.2025
  • 06.03.2025
  • 13.03.2025

Tid og stad i Florø

Saniteten sitt hus på Soltua (Gaddevåggata 4).
Tid: Klokka 17.00 og varar om lag til klokka 19.00.

Datoar

  • 05.02.2025
  • 12.02.2025
  • 26.02.2025
  • 05.03.2025
  • 12.03.2025