Pårørande innan psykisk helse (LPP) inviterer til møteplass 2. juni i Måløy

Møteplassen er ein arena for dialog og gjensidig læring mellom pårørande og fagfolk. Her kan pårørande dele sine erfaringar, og fagfolk få verdifull innsikt i korleis dei kan forbetre tenestene sine. Målet er å styrke samarbeidet og skape betre kvardag for alle involverte. Stad, Stryn og Kinn kommunar, Helse Førde, og LPP Sogn og Fjordane er ansvarlege for arrangementet.

Meir informasjon om MØTEPLASS finn du på LPP sine heimesider

Tid og stad

  • For pårørande: 2. juni, kl. 18.00 - 20.15
  • Fagfolk: 2. juni, kl. 17.30 - 21.00

Tema: "Når den sjuke ikkje vil ha hjelp".

Stad: Formannskapssalen på rådhuset i Måløy, Gate 1. Med inngang frå nedsida.

Kvifor delta?

For pårørande

  • Auke kunnskap om hjelpetilbod
  • Dele dine erfaringar og få støtte
  • Medverke til kvalitetsforbetring
  • Møte andre i liknande situasjonar

For fagfolk

  • Få innsikt i pårørande sitt perspektiv
  • Reflektere over eigen praksis
  • Bygge nettverk på tvers av tenester

Påmelding og spørsmål

Kontakt ein av kontaktpersonane for påmelding eller eventuelle spørsmål.