Offisiell opning av nye Nepjarhaugen barnehage

utvendig bilde av Nepjarhaugen barnehage - Klikk for stort bilete

I dag var det offisiell opning av nye Nepjarhaugen barnehage i Florø. Barna og dei tilsette er strålande fornøgde med den nye barnehagen, og fortel at det er blitt ein god stad å vere for alle.

Mandag 21. august kunne 67 spente barn, med foreldre, og 22 tilsette ta i bruk nye Nepjarhaugen barnehage

Tre eldre barnehagar vart då slått saman til ein ny, moderne og framtidsretta barnehage. Lokala er lyse og trivelege med mange spennande arkitektoniske løysingar. Barnehageavdelingane har fleksible leikemiljø som fremjar allsidig leik og pedagogisk arbeid generelt. 

Eit stort fellesområde i 1. etasje gir moglegheit for boltreleik og fysisk aktivitet. Barna har stort behov for bevegelse; hoppe, rulle, klatre og springe. Her kan dei utfalde seg fritt.

Vi har eit temperert vognrom der dei yngste kan sove i vognene sine, dei eldste søv eller kvilar på madrassar inne på stilleromma.

Barnehagen vil etter kvart starte opp med matservering. Eit stort og flott industrikjøkken gjer det mogleg å lage mat til fleire. Her er og eit eige område tilrettelagt for barna slik at dei kan delta i matlaginga. 

IKT har gjort sitt innpass i barnehagen

Vi har skjermar på dei fleste avdelingane der vi t.d. kan vise bilete frå turar og liknande. 5-åringane har tilgang til interaktiv skjerm.

Etter kvart vil vi få informasjonsskjermar i garderobane, som vil lette informasjonsarbeidet retta mot foreldra.

Dei tilsette har og fått ein heilt ny arbeidskvardag

Bygget er universelt utforma med gode ergonomiske løysingar. Påkledningsbenkar, elektriske stellebord m.m. fører til færre løft og uheldige vridingar. Gode arbeidsrom, møterom og garderobefunksjonar, er ei oppgradering i forhold til dei gamle barnehagane. 

I tida framover, vil gamle Nepjarhaugen barnehage bli riven og det skal byggast eit nytt leikeområde på dei gamle grunnmurane. Når det er på plass seinare i haust, kan vi ta i bruk eit nytt og oppgradert uteområde med spennande installasjonar for barna.