No kan du søke om spelemidlar til idretts- og nærmiljøanlegg

No kan lag, organisasjonar og kommunale einingar søke om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Midlane kjem frå overskotet til Norsk Tipping, og skal bidra til at fleire får tilgang til gode anlegg for både organisert og eigenorganisert aktivitet. Frist for å melde nye anlegg er 15. september, frist for å søke spelemidlar er 1. oktober.

Det kan søkast støtte til to hovudtypar anlegg

  • Ordinære anlegg som idrettshallar, klubbhus, svømmeanlegg og kunstgrasbaner – her kan ein få inntil 1/3 av godkjent kostnad.
  • Nærmiljøanlegg som ballbinger, turstiar og trimparkar – her kan ein få inntil 50 % av kostnaden, avgrensa til 300 000 kroner.

Søknadsfristen for nye anlegg som skal inn i den kommunale planen er 15. september. Bruk meldeskjemaet nedanfor.

Meld inn nye anlegg her

Fristen for sjølve søknaden er 1. oktober. Søknaden skal sendast via anleggsregisteret.no. Søkar må vere eigar av anlegget og oppfylle visse krav til rettar, finansiering og planstatus.

Les meir om spelemidlar her.