Spelemidlar

Spelemidlar er overskotet frå spela i Norsk tipping.

Midlane kan nyttast til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftslivanlegg. Det kan ikkje søkast om tilskot til drift og løpande vedlikehald.

Nytt for søknadsåret 2020 er at krav om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning vert avvikla.

Kven kan søkje?

Lag og interesseorganisasjonar som er registrert i Brønnøysundregistera.  

Kor mykje kan du søkje om?

Som hovudregel kan du søke om inntil 1/3 av total kostnadsramme for idrettsanlegg og inntil 50 % av total kostnadsramme for nærmiljøanlegg.

Krav til søknad

  • Detaljert kostnadsoverslag. Kostnadsoverslaget skal inkludera både kostnader som gir tilskot og kostnader som ikkje gir tilskot
  • Finansieringsplan
  • Dokumentasjon på eventuell dugnad (denne skal dokumenterast med innhenta tilbod frå leverandør/entreprenør, eller vere bekrefta frå kvalifisert fagperson) 
  • Dokumentasjon på eventuelle gåver, dokumenterast med gåvebrev
  • Plan for drift og vedlikehald
  • Dokumentasjon på eigenkapital
  • Dokumentasjon på andre tilskot (kommunale, fylkeskommunale eller frå andre interesseorganisasjonar)
  • Lån er bekrefta med kopi av lånetilsegn
  • Dokumentasjon på eigedomsforhold, rett til bruk av grunn
  • Fullstendig teikningsgrunnlag (situasjonsplan, planteikningar, fasadeteikningar, snitteikningar)
  • Skildring av arkitektur, estetikk og miljøtilhøve.
  • Behovsoppgåve (skildringar av barn og unge sine behov vurdert mot eksisterande tilbod)
  • Anlegget skal vere registrert i kommunal plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv 

Prosedyre 

  • Kontakt kommunen for å melde inn anlegget til anleggsregisteret og plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og fysisk aktivitet innan 1. september.
  • Send inn søknad om spelemidlar innan 15. oktober.
  • Kommunen sender inn søknad til fylkeskommunen innan 15. januar.
  • Søk om momskompensasjon for ferdigstilte idrettsanlegg innan 15. mars.
  • Vedtak om tilskot spelemidlar i løpet juni.
  • Utbetaling av tilskot spelemidlar påfylgjande haust.

Søk om tilskot

Send inn søknaden din elektronisk her

Momskompensasjon

Frivillige lag og organisasjonar kan søka om momskompensasjon for bygging og rehabilitering av idrettsanlegg, samt kompensasjon for ordinær drift. Les meir om ordninga her.

Kontakt

Kjetil Høidal
Kulturhusleiar, Florø kulturhus
E-post
Telefon 90 19 52 57