No kan du enkelt bestille eigedomsopplysingar på nett!

Skjermutklipp frå kommunen sitt Etorg, som syner framsida av Etorget der ein bestiller eigedomsopplysningar frå kommunen. - Klikk for stort bileteKjøp eigedomsopplysingar på nett via eTorg Kinn kommune

No er det lettare for deg å bestille dokumenta du har behov for, akkurat når det passar deg.

I samarbeid med Bremanger, Stad og Stryn kommunar har vi laga ei ny sjølvbeteningsløysing for å bestille eigedomsopplysingar. Dette tilbodet gjer at innbyggarar og næringsliv kan bestille produkt heile døgnet, og det er rask levering.

eTorg er kommunane sin nettbutikk for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester. Blant produkta finn du

  • digitale kart
  • meklarpakke
  • 3D-modellar
  • nabovarsling både på papir og elektronisk
  • eigedomsinformasjon

Tidlegare har enorme mengder med digital data blitt henta ut manuelt, men gjennom den nye tenesta blir no mykje automatisert. Dette er fordi vi har lagt mykje arbeid i å digitalisere kartløysing og våre eigedomsarkiv. Sidan vi har gjort dette er det lettare for oss å tilby kortare leveringsfrist på data enn kva vi har hatt før.

Gå til eTorg her

Hugsar du tenesta MinEigedom?

I fjor sommar lanserte vi tenesta MinEigedom. Dette er ei gratis teneste for deg som bur i kommunen, der du kan finne

  • oversikt på kommunale avgifter og eigedomsskatt
  • historikk på tidlegare betalte kommunale avgifter
  • elektronisk skjema for å stille spørsmål eller melde i frå til kommunen om feil/manglar
  • grunnbok- og matrikkelopplysingar om dine eigedomar

Du treng ikkje å registrere deg. Du loggar deg enkelt inn via ID-porten og får tilgang på opplysingar om eigedomar der du er registrert som eigar. 
Om du har eigedomar i andre kommunar, må desse kommunane også tilby MinEigedom for at du skal få tilgang til all informasjon. Om kommunane ikkje har registrert seg, vil du likevel få tilgang til grunnbok- og matrikkelopplysingar.