Næringsundersøking i Kinn kommune

På oppdrag frå Kinn kommune og i samarbeid med næringsforeiningane Måløy Vekst og Florø Industriforeining har Sentio Research gjennomført ei undersøking om tilfredsheit med kommunen. Formålet med undersøkinga er å kartlegge lokale bedrifter sine synspunkt på viktige utviklingstrekk i kommunen.

Utvalet består av 93 bedrifter i Kinn kommune, 36 i Måløy og 57 i Florø. 260 bedrifter vart invitert, etter e-postlister frå næringsforeiningane og 36 % svarte.

Her kan du lese rapporten frå Sentio (PDF, 2 MB)

Her finn du tallrapport frå undersøkinga (PDF, 5 MB)

Menon - analyse av næringslivet i Kinn kommune

På oppdrag for Kinn kommune har Menon Economics gjennomført ein næringslivsanalyse av Kinn kommune. Dette inkluderer ein gjennomgang av næringslivet i kommunen som dekker både arbeidsmarknaden og det private næringslivet. I tillegg har Menon gjennomført ei SWOT-analyse for å vurdere kommunen sine styrkar, svakheiter, moglegheitsrom og truslar.

Les Menon si analyse av næringslivet her (PDF, 2 MB)