Møte i kommunestyret på torsdag

Torsdag 13. mars er årets første møte i kommunestyret. Her får du ei kort oppsummering av aktuelle saker, og lenke til fullstendig sakliste og direktesending.

Fleire av sakene som vart behandla av formannskapet førre veke går vidare til dette møtet i kommunestyret, med formannskapet si innstilling til vedtak. Nokre av desse sakene kan du lese om her.

KURS KF tilrår busetting av 100 personar i 2025

Styret i KURS KF legg fram ei sak til kommunestyret om busetting av 100 flyktningar i 2025. IMDi sendte ei oppmoding til Kinn kommune den 28. november i fjor, om å busette 100 flyktningar i år. KURS KF skriv at dei er godt oppbemanna til å ta i mot dette talet personar. I 2024 tok vi i mot 181 personar, der 148 av desse kom frå Ukraina. Sidan konflikten mellom Ukraina og Russland starta har vi tatt i mot over 600 flyktningar.

Endring av kommunal forskrift for tidlegare opptaksområde for Stavang skule

Kommunestyret fatta vedtak i 2024 om å legge ned Stavang skule med verknad frå 1. august 2025. På grunn av dette må forskrift for opptaksområde endrast. I saksframlegget til kommunestyret, er det føreslått at opptaksområde som høyrer til fastlandet (Svortevik, Standal og Stavang) vert lagt til Eikefjord barne- og ungdomsskule sitt opptaksområde. Det tidlegare opptaksområde for Stavang skule på Stavøy blir lagt til Florø barneskole sitt opptaksområde.

Saka vart handsama i oppvekst- og kulturutvalet 25. februar, og deira innstilling til vedtak vert no sendt vidare til kommunestyre for handsaming.

Fastsetting av røystekrinsar

Dersom kommunestyret ønskjer å gjere endringar i tal røystekrinsar frå tidlegare val, må vedtak gjerast innan 31. mars i valåret. Kinn kommune har i dag 7 valkrinsar; Florø, Stavang, Nordalsfjord, Eikefjord, Måløy, Raudeberg og Skavøypoll. Kommunestyret får no ei sak med framlegg om å avvikle Nordalsfjord, Stavang, Raudeberg og Skavøypoll valkrinsar.

Endring av reglement for ungdommens kommunestyre

Til hausten skal det velgast nytt ungdommens kommunestyre i Kinn (UKK), og dei skal fungere som eit rådgjevande utval etter kommunelova. I dagens reglement for politisk organisering og delegering står det at 5 medlemmar til UKK skal veljast politisk eller uavhengig etter eigne lister. Ein er ikkje kjend med at det er aktive ungdomsparti i kommunen, og saka legg difor opp til ei endring av dagens reglement, slik at valet til UKK kan gjerast som tidlegare. UKK har i møte 26. februar vedteke at ein skal halde fram med dagens ordning ved val til UKK, slik at alle 15 representantar blir valt frå skulane.

Kommunestyret skal på torsdag ta stilling til endring av reglementet for politisk organisering og delegering for å ta høgde for dette.

Fullstendig sakliste og lenke til direktesending

Du kan sjå heile saklista og alle saksdokument i møteplanen vår.