Komande tysdag er det møte i formannskapet

Her får du ei lita oppsummering av aktuelle saker politikarane skal handsame i møtet, og lenke til alle saker og direktesending.

Møtet starter kl. 9.00 tysdag 4. mars. Frå kl. 15.00 er det også eit kort møte i valstyret, som består av medlemmane i formannskapet.

Opphøyr av ansvar for betaling av ferje- og båtruter

Vestland fylkeskommune stadfestar i eit brev til kommunen, at finansiering av båtrutene i Kinn kommune har opphøyrt frå 1. januar 2025. Fylkeskommunen skriv at dei jobbar med å avklare retningsliner for det fylkeskommunale båttilbodet og medfinansiering frå kommunane på prinsipielt nivå. Fram til dei har gjort ei konkret vurdering, vil ikkje Kinn kommune bli fakturert for sin del av båtrutene.

Orientering om kjøkkendrift i Måløy

Formannskapet bestilte ei orienteringssak om status på drift av kjøkkenet i Måløy, der saka skulle innehalde informasjon om avviksmeldingar, sjukefårværsoversikt og styringslinja ved kjøkkenet. Dette blir lagt fram i møtet. Måløy Sentralkjøkken ligg under Kulatoppen omsorgssenter v/ tenesteleiar Tone Husevåg, som rapporterer til kommunalsjef for helse og velferd, Norunn Stavø. Saka skildrar drifta av kjøkkenet, og inneheld opplysingar om sjukefråvær og korleis innmeldte avvik har blitt handtert i løpet av 2024 fram til 1. februar 2025.

Festeavgift for gravplassar

Kinn kyrkjelege fellesråd ber om at festeavgift for gravplassar i Kinn kommune vert handsama av kommunestyret – no skal saka innom formannskapet først. I saka står det at grunna reduksjon i overføringar frå Kinn kommune, er det behov for å auke festeavgifta. Festeavgifta er føreslått auka til 330 kr. per grav per år, og vert kravd inn for 10 år i gongen.

Sagaelva Kraftverk

Den 12. desember 2023 vedtok kommunestyret at Kinn kommune går vidare med utbyggingsplanar for Sagaelva Kraftverk, og at Sagaelva Kraftverk AS vert etablert, med føremål om å bygge ut og drifte kraftverket på Saga. Kinn kommune vert majoritetseigar. No kjem ei sak til formannskapet, før den går vidare til kommunestyret, om godkjenning av selskapsdokument, og oppnemning av tre personar til potensielle verv i styret, der roller og verv vert avklara i samband med stiftelsesmøte. I saka står det at prosjektering er nær ferdig, og det er planar om å innhente pris på bygging, med utlysing i mars månad, og at utbygging vert finansiert ved låneopptak gjennom aksjeselskapet.

Revidering av standardforskrift for hushaldningsavfall

Renovasjonsselskapet NoMil har utarbeidd ny standardforskrift for hushaldningsavfall. Saka var først til handsaming i formannskapet oktober i fjor. Då sendte formannskapet høyringssvar til forskrifta som var føreslått.

I saka står det at NoMil har delvis teke omsyn til høyringsuttalen formannskapet sendte inn i fjor, men ikkje fullt ut. Dei har gjort nokre endringar i forskrifta, særleg knytt til definisjon av abonnementeiningar og krav til køyreveg, men har ikkje fråvike dei grunnleggande prinsippa som opphavleg vart protestert mot. Revidert versjon av forskrifta kjem no tilbake til formannskapet for ny handsaming.

Kommunedirektøren viser til at det er viktig at eigarkommunane prøver å einast om ei felles forskrift. Konsekvensen av å ikkje ha ei felles forskrift kan vere at NoMil må handtere Kinn som eit eige sjølvkostområde.

Sakliste og direktesending

Gå til møteplanen vår for fullstendig oversikt på sakene og tilhøyrande dokument her.