Møte i kommunestyret 14. november

Torsdag er det digitalt møte i kommunestyret. I denne artikkelen får du ei kort oppsummering av relevante saker som skal behandlast, og lenke til sakliste og direktesending.

Interpellasjonar

Beredskap og kommunale retningsliner for skuleskyss

Kinn KRF har sendt inn ein interpellasjon knytt til beredskap og kommunale retningsliner for skuleskyss. Interpellasjonen handlar om kommunen sitt ansvar for trygg og påliteleg skuleskyss i distrikta. Dei viser til endra vêrforhold og at foreldre må vurdere sikkerheita ved skuleskyssen. Dette skapar usikkerheit, ulik behandling av elevar, og risiko for at barn kan bli ståande utan tilsyn. KrF ber om klare kommunale retningslinjer som sikrar trygg, føreseieleg og rettferdig skuleskyss i Kinn kommune.

Større uteområde til barna på Florø barneskole

Kinn Venstre har fremma ein interpellasjon om mangelen på uteområde ved Florø barneskole. Partiet peikar på at kommunen eig ei tomt på om lag 5000 kvadratmeter rett ved skulen, som kan gjerast tilgjengeleg for elevane utan store kostnadar eller inngrep i terrenget. Venstre spør kvifor dette området ikkje er tatt i bruk, korleis ein kan opne det for offentleg bruk sidan det no blir oppfatta som "privat", og kva framdrift kommunen ser føre seg i saka.

Omklassifisering av veg frå kommunal drift

Saka vart handsama i førre formannskapsmøte. Formannskapet vedtok då at Kinn ikkje går vidare med saka om omklassifisering av kommunal veg til privat veg. Dersom private ønskjer å overta kommunal veg skal det leggast fram sak om dette i einskilde høve. Opphavleg var dette ei sak vedtatt av kommunestyret. Saka går difor til endeleg handsaming der.

Møteplan for 2025

Den politiske møteplanen for neste år skal behandlast av kommunestyret. Det er framlegg om at kommunestyre- og formannskapsmøter leggast til torsdagar, med nokre unntak. Hovudutvalsmøter skal i hovudsak gjennomførast digitalt, i fall det skal vere fysiske møter skal dette avklarast med ordførar. Formannskapsmøter skal også som hovudregel gjennomførast som digitale møter, med unntak av møter i juni og november månad.

Tilskot til politiske parti

Det er sett av 160 000 kroner som fordelast som partistøtte til dei politiske partia i budsjettvedtaket for 2024. Administrasjonen sitt framlegg til vedtak er at tilskot vert fordelt med 1/10 som grunnstøtte, og 9/10 av støtta fordelast ut i frå kor mange røyster det einskilde partiet fekk ved førre kommunestyreval.

Tilstandsrapport for barnevernet i 2023

Det er lovbestemt at kommunestyret skal få minst ei årleg orientering om tilstanden i barnevernstenesta. Den årlege tilstandsrapporteringa er ein del av kommunen si plikt til internkontroll av barnevernstenesta. Rapporten skal bidra til auka merksemd i høve til kva som er godt barnevern, kunnskap om barneverntenesta sin kapasitet, oppfylling av tidsfristar, ressursbruk og samarbeid med andre instansar. Tilstandsrapporten for 2023 gir orientering om mellom anna:

  • Kinn barnevern si organisering
  • Oppgåver og ansvar
  • Status i høve ulike tema, som t.d. ny barnevernlov gjeldande frå 2023
  • Økonomi
  • Utfordringar
  • Innsatsområde og tiltak

Skjenkeløyve til Alisia AS

Kommunen har motteke søknad om skjenkeløyve frå Alisia AS, som ønskjer å drive pub og diskotek i Måløy. Dette er i same lokalet som Corner Bar AS har drifta pub og diskotek i over fleire år. Kommunen fekk melding om at Alisia AS tok over lokalet den 20. oktober. Kommunestyret skal handsame saka om tildeling av skjenkeløyve komande torsdag.

Sakliste og direktesending