Kontraktsignering med rådgjevargruppe for prosjektet Auka institusjonskapasitet

Bildet viser ordførar Ola Teigen, Knut S. Løkkebø frå Multiconsult og Elin Heimark frå LINK arkitekter som signerer ei kontrakt for rådgjevargruppe i prosjektet Auka institusjonskapasitet - Klikk for stort bileteOrdførar Ola Teigen, Knut S. Løkkebø frå Multiconsult og Elin Heimark frå LINK arkitekter Kinn kommune

Kinn kommune ved ordførar Ola Teigen signerte i går kontrakt med Multiconsult og LINK arkitektur om rådgjevargruppe til prosjektet Auka institusjonskapasitet. 

Om rådgjevargruppa

Multiconsult/LINK arkitektur var eitt av til saman fem selskap som konkurrerte om oppdraget etter rådgjevargruppe til investeringsprosjektet Auka institusjonskapasitet. Rådgjevargruppa vil i denne omgang arbeide med programmering, og i første rekke bistå med arkitektkompetanse. Det er stort fokus på kostnadsreduserande tiltak i prosjektet, samstundes som det skal utviklast ein sjukeheim der det er godt å vere.

Reguleringsplanarbeid

Arbeidet med reguleringsplan for området pågår parallelt med at rådgjevargruppa startar opp. Her vil ein fokusere på å finne ut kor mange kvadratmeter som trengs til dei ulike funksjonane og korleis dei kan plasserast i forhold til kvarandre. Deretter vil ein sette dette saman og utarbeide skisser som syner korleis dette kan løysast, men først når reguleringsplanen har kome noko lengre. Det er lagt opp til brei medverknad også vidare i prosjektet. Spørsmål om kva som vil kunne skje med dei gamle sjukehusbygningane er også del av prosessane med reguleringsplanen. Det blir arbeidd for å legge reguleringsplan ut til offentleg ettersyn rundt nyttår, og med venta ferdigstilling vår/sommar 2023.