Kommunekonferanse og møte i kommunestyret 22. oktober

Tysdag 22. oktober er det kommunekonferanse med administrative leiarar, og møte i kommunestyret frå kl. 15.30. Her kan du lese ei kort oppsummering av nokre av sakene, og finne lenke til direktesending og sakliste.

Detaljregulering for Gunhildvågen

Forslaget til detaljreguleringa er utarbeidd av iVest Consult på vegner av forslagsstillar Tolleskjæret AS med fleire. Føremålet med reguleringa er å legge til rette for vidareutvikling av industri, og justering av vegtraseen for offentleg veg for å betre trafikktryggleik og logistikk i område. Planforslaget er i tråd med gjeldande kommunedelplan for Florelandet – Brandsøy.

2. tertialrapport med revidert budsjett og finansrapport

Kommunestyret skal handsame kommunedirektøren sitt framlegg av 2. tertialrapport for 2024. Du kan lese kommunedirektøren si vurdering i denne artikkelen frå 8. oktober.

Rutiner og retningsliner for kjøp og sal av eigedom

Formålet med denne saka er å klargjere innhaldet i kommunedirektørens fullmakt,oppdatere tidlegare fullmakt og vedta retningsliner som gir klare føringar på kommunale kjøp/sal av fast eigedom.

Administrasjonen si sakshandsaming av kjøp/sal skal vere så open og gjennomsiktig som mogleg. Dette vert fremja som eiga sak då eigedomskjøp bør klargjerast i større grad enn gjennom delegeringa som ligg føre.

Forskrift for skuledagar, ferie og fridagar for skuleåret 2025 til 2026

Opplæringslova seier at kommunen skal fastsette forskrift om skuledagar, ferie og fridagar for elevane kvart år. Kommunestyret skal ta stilling til forskrifta denne dagen.

Du kan sjå framlegget til forskrift om skuledagar, ferie og fridagar her.

Sakliste og direktesending