Kommunedirektøren sitt framlegg av 2. tertialrapport 2024

I rapportane for 2024 er det peika på store budsjettutfordringar. Vi har manglande samsvar mellom aktivitet, ressursbruk og driftsrammer. Omstilling og endringsarbeid er tidkrevjande og utgiftsvekst har større tempo enn vi klarer å justere drifta. For å redusere meirforbruket stramma vi inn drift i 1. tertial og reduserte driftsrammene med kr. 7,5 mill. Sjølv om vi har noko betre resultat i denne rapporten enn i juni, er det viktig å følgje opp rapporten som vi utarbeider saman med Agenda Kaupang.

Les 2. tertialrapport 2024 for Kinn kommune her

Større meirinntekter enn rekna med frå Havbruksfondet

I fyrste tertialrapport rapporterte vi eit potensielt avvik på 46 mill. kr Med auka inntekter frå havbruksfondet  har vi større inntektsvekst enn rekna med i 1. tertialrapport. Dette året avvik vi også ein del frå andre kommunar med at vi ikkje har lågare skatteutvikling enn rekna med. Rapport for 2. tertial er noko betre som følgje av auka inntekter. Storleiken på samla prognose på avvik har derfor gått ned til 39,9 mill. kr.

Finne varige løysingar på meirutgifter

Vi har med oss økonomiske utfordringar som ikkje vi fekk løyst så langt i 2024, og som krev oss vidare. Desse knyter seg til husleigefastsetting, ressursar til drift av skulane og avvik på brann og redningstenesta. Kommunestyret valde å ikkje inngå avtale om å innløyste festetomter, og vi må justere dette.  I rapporten viser vi også at sosiale utgifter stig som fylgje av at fleire etterspør desse tenestene.   

I fyrste tertialrapport vart det gjeve ekstraløyving til barnevern, ressurskrevjande brukar og kjøkkendrifta. Så langt i 2024 har vi nytta fond til å dekke meirutgifter, men desse må vi finne rom for i neste års budsjett med permanent finansiering.

Bruk av fond

Det er i T2 berekna at dersom prognosen for 2024 blir realisert vil kommunen sitte att med eit disposisjonsfond på 7,898 millionar kroner ved utgangen av året. I revidert budsjett i T2 er det lagt til grunn at kommunen vil sitte att med eit disposisjonsfond på 32,144 millionar kroner 31.12.2024, men dette er høgst usikkert. Avviket mellom prognose og budsjett understrekar behovet for å auke driftsinntektene og/eller redusere driftsutgiftene til kommunen.

Jobbe betre saman for å finne løysingar

Vi treng også å finne måtar der politisk og administrativt nivå jobbar betre saman. Derfor prøver vi ut samspel mellom administrasjonen der faglege arbeidsgrupper jobbar saman med finansutvalet om korleis få fram betre grunnlag for avgjerd til kommunestyret. Tillitsvalde, leiarar og andre fagpersonar er med i gruppene. Finansutvalet har trekt opp mål for arbeidet. Utvalet har gått ut frå at vi må frigjere 100 mill. kr. i løpet av 4 år. Det er naudsynt å innarbeide mange tiltak for å kunne handtere renter- og avdrag knytt til nye investeringar og ikkje minst er dette eit vilkår for å handtere fleire eldre.  

God folketalsutvikling, men færre arbeidsplassar og fleire som pendlar ut av kommunen

Folketalet i Kinn var 17 388 innbyggarar 01.07.2023. Folketalet viste også vekst i 1. halvår 2024. Auke i folketalet er i hovudsak knytt til utanlandsk tilflytting. Årsmeldinga viste at arbeidsplassutvikling er svak, trass i høge aktivitet i næringslivet. Fleire pendlar ut av kommunen enn året før. Vi arbeider godt med integrering og mange som kjem hit frå utlandet finn seg arbeid. Likevel representer slike snøgge tilflyttingar potensiell risiko for utflytting. Flyktningar frå Ukraina har mellombels opphald (kollektiv beskyttelse) gitt av myndigheitene. Vi har også ei underliggjande utfordring at innanlands utflytting er høgare enn innanlands tilflytting i nesten alle aldersgrupper.