Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Bildet viser nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim. Rundt Heggheim er kommunevåpenet til Kinn kommune illustrert i blå fargar - Klikk for stort bilete

Kvar veke skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Korleis står det til med folkehelsa i kommunen vår?

20. april gjekk startskotet for Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022. Undersøkinga vil gi oss ny og unik lokalkunnskap om korleis du som innbyggar har det. Resultata frå undersøkinga vil bli viktige verktøy i vårt arbeid med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med oss. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Du kan bli tilfeldig trekt ut frå folkeregisteret som deltakar i undersøkinga. I så fall får du invitasjon på SMS og e-post.

Prosjekt bemanning og rekruttering

Kommunedirektøren har gjennom vedtak av kompetanse og bemanningsplan avgjort kor i administrasjonen vi skal redusere tal tilsette. Dette inneberer at vi fram til 2025 skal redusere tal tilsette med om lag 60 årsverk. Korleis dette skal gjerast innanfor kvart område blir det no arbeidd med.

Arbeidet er eit samarbeid mellom tillitsvalde og kommunedirektøren. I perioden fram til 2025 vil fleire hundre tilsette slutte av naturlege årsaker. Det inneber at samstundes med reduksjon av tal tilsette, må vi fortsette å rekruttere som ein del av prosjekt bemanning. Når du no ser annonsar for nye stillingar i Kinn, er det eit resultat av ei samla vurdering av kompetansebehovet i kommunen. Det er kompetanse og ressursar vi treng for å levere gode tenester og samfunnsutvikling til våre innbyggjarar. Du kan lese meir om ledige stillingar på https://kinn.kommune.no/jobb/

Kinn-ungdom gjorde det godt i UKM Vestland sin fylkesfestival

I helga blei UKM Vestland sin fylkesfestival gjennomført, og heile 25 ungdommar frå Kinn kommune deltok, saman med ungdom frå heile fylket.

Etter fylkesfestivalen vart fleire ungdommar frå Kinn plukka ut til å representere Vestland fylke i den nasjonale UKM festivalen! Vi gratulerer bandet Grenades, beståande av Eivind Kvamme, Gard-Elias Bredesen Brandsøy, Mikal Bjerk, Henrik Korneliussen Bovim og Anders Hammerseth. Vi gratulerer Johanne Utnes og Fatima Ahmadi som skal stille ut sine kunstverk på den nasjonale utstillinga, og Camilla Sande Nielsen som gjekk vidare som arrangør. Vi er stolt av dykk og ønskjer lykke til vidare!

Takk for meg!

I dag har eg min siste arbeidsdag i Kinn kommune.

Eg hugsar eg skreiv det første fredagsbrevet 16. mars 2018. Om blant anna møtet som hadde vore i fellesnemnda, og korleis vi hadde delt inn i administrative arbeidsgrupper. Eg gløymer heller ikkje brevet 20. mars 2020. For ei veke! Og korleis vi løyste pandemien. Gå rakrygga!

Eg har skrive fredagsbrev i fire år. Det har vore ei glede!

Eg er glad i samfunnsfaget. Eg er glad i heimkommunen! Kva anna kan du då ønskje deg enn å vere med i utviklinga av eigen kommune. Det har vore ei gåve for meg. I tidlegare Flora og seinare Kinn.

Eg har hatt med meg dei flinkaste. Eg tenker spesielt i dag på dei som har vore i leiargruppa saman med meg, kommunalsjefar og stabsleiarar. Og sjølvsagt har eg vore heldig med dyktige tenesteleiarar og tilsette i heile organisasjonen. De har alle gjort ein fantastisk jobb for kommunen vår. Sjølv i vanskelege og turbulente tider.

I 2020, Kinn sitt første driftsår, skulle vi bygge den nye organisasjonen og ikkje minst arbeide med ein ny og felles organisasjonskultur. I så måte skulle vi saman utvikle dei haldningane, normene og verdiane vi legg til grunn i tenesta vår. Vi fekk begynt, men så kom 12. mars og vi måtte stenge ned bortimot alt. Vi kunne ikkje møtast. Du får ikkje bygd mykje kultur der vi møter kvarandre på ei digital flate på veggen. Trass i det har alle tilsette stått på og hatt fokus på det einaste rette, innbyggarane. Det er eg særs takknemleg for – og stolt av!

Vi går ei utfordrande tid i møte. Spørsmålet om å dele opp kommunen vil sikkert prege det politiske arbeidet i tida som kjem. Eg er sikker på at det ikkje vil påverke det arbeidet du som tilsett skal levere overfor innbyggarane. Eg håpar verkeleg dei folkevalde ser kor verdifull din innsats er i så måte.

Eg vil også takke dei folkevalde for eit godt samarbeid, men samstundes må eg vere ærleg på at det av og til har vore krevjande å vere ein del av den relasjonen.

Lykke til vidare med alt det gode arbeidet de gjer for oss som bur i kommunen. Ta godt i mot Øyvind Bang-Olsen som ny kommunedirektør. Førstkomande måndag vert han heldig. Han får deg på laget!

Takk for meg!

Ei god vårhelg til dykk alle!
Terje Heggheim
kommunedirektør