Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Bildet viser nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim. Rundt Heggheim er kommunevåpenet til Kinn kommune illustrert i blå fargar - Klikk for stort bileteKommunedirektør Terje Heggheim.

Kvar veke skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen. 

Eit godt årsresultat - og takk for det!

I går sende eg ut ei melding om årsresultatet for 2021. De er no kjende med at vi fekk eit langt betre økonomisk resultat enn det vi har meldt om tidlegare. Høgare skatteinntekter er ei av årsakene og hjelper oss godt. I staden for å nytte dei siste reservane, kan vi heller fylle opp fondsavsettinga til 40 millionar kroner.

Det har vore krevjande å drive ein kommune under pandemien. Då tenker eg ikkje på meg sjølv, men på alle dykk som har stått på kvar einaste dag i produksjonen og i dei administrative støttetenestene. Vi har framleis meirforbruk på enkelte område, men samla sett eit mindreforbruk i tenestene. Med tanke på alt det som har utfordra oss sidan 12. mars 2020, syns eg dette er eit framifrå resultat.

Takk til dykk alle!

Ti år med etikkarbeid i helse og velferd – verdikafé 28. mars

I 2011 søkte omsorgstenesta i Flora kommune om deltaking i KS sitt prosjekt «samarbeid om etisk kompetanseheving». Vi fekk delta, og sidan 2012 har vi jobba systematisk med etisk refleksjon i institusjon og heimetenesta. Føremålet med etisk kompetanse og systematisk praktisk etikkarbeid i tenestene er å styrke brukaren si oppleving av at helse- og velferdstenestene tar i vare brukaren si verdigheit og integritet.

Det er oppretta to rettleiarar for etikk i kvar avdeling. Dei har ansvar for at det gjennomførast etisk refleksjon på praksis som er nær dei dilemma ein møter i arbeidskvardagen. Etikkrettleiarane blir samla fire gonger i året til nettverkssamlingar for å dele kunnskap og erfaringar, og for å trene på metodar for etisk refleksjon. Etikkrettleiarnettverket er medarrangør for ulike fagdagar. Vi har også eit tilbod kalla «Verdikafé» på biblioteket to gonger i året, som er ope for alle som vil delta, og er ein del av det heilskaplege etikkarbeidet.

Neste verdikafé blir 28. mars på kveldstid både i Måløy og Florø. Målet er at etikkarbeidet skal vere ein naturleg del av fag- og kvalitetsarbeidet i omsorgstenesta vår.

I 2018 delte KS ut sin nasjonale etikkpris til Flora kommune. KS si anerkjenning av arbeidet frå Flora stadfester at vi har jobba godt med dette. Vi har bragt kompetansen og arbeidet med oss og vidareført det i Kinn kommune. I år har vi 10-års jubileum for etikkarbeidet, og evaluering utført av KS stadfester at arbeidet vårt gjer nytte for seg.

Om du ønskjer å lese meir om etikkarbeidet vi gjer, sjå heimesida til Leve heile livet.

Samarbeid om IT

I går det var det styremøte i IKT Nordfjord. Der drøfta vi blant anna eit samarbeid med SYS-IKT. Den sistnemnde er alle dei tidlegare sunnfjordkommunane og Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund sitt samarbeidsorgan om IT-tenester. På same vis er IKT-Nordfjord vårt samarbeid. Begge selskapa er med i Digi-Vestland, IT-samarbeidet i nye Vestland fylke.

Både sunnfjord- og nordfjordkommunane står overfor dei same utfordringane og utviklingsoppgåver innan IT-feltet. Difor kan vi samarbeide og hente ut effektar der vi skal arbeide med det same. I byrjinga har vi peika ut tre område som vi kan sjå på i lag. Det første gjeld å planlegge ei harmonisering av teknisk plattform og system. Det andre gjeld ei felles kompetanseheving i Microsoft 365-programma. Det tredje vi innleiingsvis kan jobbe saman om gjeld personvern og informasjonstryggleik.

Det vil vere naturleg å inngå ei intensjonsavtale som seier noko meir om korleis vi skal samarbeide om desse tre tema.

Fjordane interkommunalt politisk råd (FIPR)

I dag vart FIPR stifta og konstituert under eit møte i Førde. Dei ti kommunane Kinn, Bremanger, Stad, Stryn, Gloppen, Sunnfjord, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund er med i det nye regionrådet. Det vart gjennomført val og vedteken ein møteplan for resten av året. Ordførar i Bremanger Ann Kristin Førde vart vald som styreleiar i rådet. Ole Klausen, ordførar i Askvoll vart nestleiar.

Bispevisitas i Kinn

Biskop Halvor Norhaug er på besøk i Kinn. I går møtte vi i kommuneleiinga saman med andre representantar i kommunen og fellesrådet. Biskopen fekk ei generell orientering om Kinn. Vi var spesielt inne på Leve heile livet-prosjektet og det frivillige arbeidet i Kinn. Flyktningsituasjonen no, og korleis vi må bu oss på ein ny og krevjande situasjon, vart også drøfta. Kan kommunen og kyrkja si omsorgsteneste samarbeide om noko her?

Mot slutten av møtet ville biskopen høyre meir om korleis vi arbeider vidare med vedtaket om ei eventuell deling av kommunen. Ordførar svarte på det og slo fast at det no er opp til statsforvaltaren og departementet å ta stilling til den vidare sakshandsaminga. Eg var ikkje heilt budd på biskopen si oppfølging på det ordføraren svarte.  Han viste til Markusevangeliet kapittel 10, vers 8-9; Det som Gud har sammenføyd, skal mennesker ikke skille.

Ei god helg til dykk alle!

Terje Heggheim
kommunedirektør