Etisk refleksjon

Logoen for "Samarbeid om etisk kompetanseheving".  - Klikk for stort bilete

Mål

Etisk refleksjon skal bidra til at avdelingane i omsorgstenesta styrka den etiske kompetansen, auka kunnskap og kvalitet til brukar og pårørande.

Føremål

Etisk kompetanse og systematisk praktisk etikkarbeid i avdelingane, er med å styrke brukarane si oppleving av at helse- og omsorgstenesta tek i vare deira verdigheit og integritet.

Samarbeid om etisk kompetanseheving er ei satsing gjennom KS. Arbeidet er forankra på alle nivå i Kinn kommune. Rådgjevar i fag og utvikling har det overordna ansvaret for organisering og leiing av etikkarbeidet. I starten vart det etablert som eit prosjekt der ein begynte med å implementere systematisk etisk refleksjon i fem avdelingar. Deretter utvida ein til alle avdelingane i omsorgstenesta. Målet er at ein til ei kvar tid skal ha to etikkrettleiarar på kvar avdeling. At ein har to rettleiarar gjer etikkarbeidet mindre sårbart. Etikkrettleiarar vert fire gongar i året samla i etikknettverk. Målet med nettverket er å utveksle erfaringar og dele kunnskap. I tillegg har vi alltid ein time der ein trener på å bruke etisk refleksjon modell på eit dilemma.

Etikk satsinga har gjennom åra arrangert fleire fagdagar for heile kommunen, med gode foredragshaldarar som til dømes Øyvind Kvalnes, Øyvind Øverenget og Einar Aadland. Vidare har satsinga arrangert Verdikafé to gonger i året. 

KS nasjonal etikkpris

Tidlegare Flora kommune vart nominert til KS sin nasjonale etikkpris i 2017 og fekk etikkprisen i 2018.
Fagjuryen si begrunning:

  1. Etikkarbeidet har vore forankra på alle nivå frå kommunedirektør til tilsette i drift.
  2. Etikkarbeidet er ein del av kommunen sin handlingsplan
  3. Kommunen sitt etikkarbeid har vore sterkt over tid
  4. Ein person har hatt overordna ansvar for etikkarbeidet
  5. Etikkarbeidet er systematisk og målretta

Etikk er ein naturleg del av fag og kvalitetsarbeidet, og ikkje noko vi gjer i tillegg, men i alt vi gjer. Dette gjelder også kvalitetsreforma Leve heile livet. Skal ein få til endringar, implementering og haldningsarbeid knytt til dei fem innsatsområda, er refleksjon eit viktig grunnlag for å lykkast med dette. Vidare nyttar ein systematisk etisk refleksjon i drift, til dømes før ein tek i bruk velferdsteknologi, søkjer tvangsvedtak, små og store endringar av rutinar mm.

Organisering

Leiar av etikksatsinga er tilsett i fag og utvikling i Kinn kommune og har følgande ansvar:

  1. Rekruttering og opplæring av etikkrettleiarar til dei ulike avdelingane
  2. Gjennomføre etiske refleksjonar med avdelingsleiar og tenesteleiar
  3. Planlegge og gjennomføre etikkrettleiarnettverk
  4. Planlegge og gjennomføre fagdagar
  5. Planlegge og gjennomføre verdikafé vår og haust på biblioteka i kommunen

Etikkrettleiar

Systematisk etisk refleksjon må leiast. Difor har vi eigne etikkrettleiarar som er kursa på leiing i systematisk etisk refleksjon og metode. Det er to etikkrettleiarar i kvar avdeling og deira ansvar er:

  • Gjennomføre systematisk etisk refleksjon i eigen avdeling regelmessig
  • Delta i etikkrettleiarnettverket
  • Bidra til gjennomføring av Verdikafé

Etikkrettleiarnettverk

Gjennomførast fire gangar i året. Faste tema er å øve på metode til systematisk etisk refleksjon, utveksle erfaringar og dele kunnskap. Nettverket rapportera til tenesteleiar og kommunalsjef Helse og velferd.

Verdikafé

Invitere eksterne og interne foredragshaldarar til refleksjon rundt eit aktuelt tema. Gjennomførast vår og haust. Verdikafeen er open for alle innbyggjarane, og blir arrangert på biblioteka i kommunen. Dette er eit samarbeid mellom fag og utvikling, helse og kultur og fritid i kommunen.

Fagdagar

Det er arrangert fleire fagdagar der alle tilsette i Kinn kommune er invitert.

Tilhøyrande dokument

For meir informasjon kontakt

Rådgjevar Leni Klakegg
Tlf. 92411182
e-post: leni.klakegg@kinn.kommune.no

Tenesteleiar Rakel Garnes
Tlf. 41922879
e-post: rakel.garnes@kinn.kommune.no

Nyttige lenker