Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Bildet viser nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim. Rundt Heggheim er kommunevåpenet til Kinn kommune illustrert i blå fargar - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Ja, eg har søkt ny stilling

Tidlegare i dag vart det kjend at eg søker stillinga som kommunedirektør i Sunnfjord. Det gjer eg fordi eg meiner det er den mest interessante stillinga i regionen vår. Den nest mest interessante stillinga har eg i dag. 

Eg har vore i Flora kommune sidan 1995. Byrja som personalsjef og gjekk via stillinga som kommunalsjef til å bli rådmann i kommunen i 2008. Frå 2017 har eg arbeidd med Kinn enten i prosjekt eller som fast i den nye organisasjonen. Det har vore, og er framleis ei spennande reise.

Som kommunedirektør er eg arbeidsgjevar overfor alle dei tilsette. Som person er eg sjølv arbeidstakar. Som person og arbeidstakar har eg sjølvsagt moglegheita til å tenke eigen karriere. Det gjer eg no.

Sunnfjord kommune er litt større enn Kinn, og sjølvsagt då med ein noko større kommuneorganisasjon. Kinn og Sunnfjord har mange felles utfordringar. Vi er samanslegne nye kommunar. Vi skal begge ta ut effektane av samanslåinga. Dei økonomiske utfordringane er ulike i storleik, men like i type. Vi slit begge med for høge driftskostnader i høve inntektene. Dei demografiske utviklingstrekka er nokolunde det same. Sunnfjord ønskjer å bli ein meir næringsvenleg kommune. Flora, Vågsøy og seinare Kinn er alt tunge på det området, og ønskjer sjølvsagt meir næringsutvikling.

Når ein slik situasjon oppstår, at ein kommunedirektør søker andre utfordringar, bør ein drøfte situasjonen. Eg har difor tilrådd ordføraren å drøfte saka i forhandlingsutvalet. Det er uavhengig av om eg skulle få tilbod om jobben eg søker, eller ikkje.  

Å vere kommunedirektør er krevjande generelt og kan hende; spesielt i Kinn. Eg søker likevel ikkje ny jobb for å rømme unna utfordringane i Kinn. Dersom det var motivasjonen min, bør ikkje Sunnfjord kommune ta seg bryet med å eventuelt kalle meg inn til intervju.

Eg er kommunedirektør i Kinn og skal vere det inntil noko anna eventuelt vert bestemt. Som alle andre i kommunen er eg innstilt på kvar einaste dag å jobbe til beste for dei som bur i Kinn.

Nytt informasjonsmøte 18. januar

Det vert invitert til nytt informasjonsmøte for alle tilsette om Prosjekt bemanning 18. januar kl. 13.00 - 14.30. Det vil blant anna bli informert om reglar for pensjon, om tenesteanalyser og dei tillitsvalde si rolle i arbeidet.

Alle tilsette med Microsoft 365 kan følgje sendinga. Eg vil oppmode tenesteleiarane å legge til rette for at dei tilsette kan følgje informasjonsmøte. Drifta skal sjølvsagt gå som normalt. Dei som ikkje kan følgje møtet direkte, vil ha mogelegheita til å sjå opptak som vert lagt på heimesida og i Teams etter sendinga.

Hurtigruta Fridtjof Nansen

Onsdag morgon var eg saman med ordføraren i Måløy og tilbydde kommunal bistand til Hurtigruta om dei skulle ha behov for det.  Som kjend hadde hurtigruteskipet Fridtjof Nansen landkjenning på veg sørover frå Måløy. Det vart hol i skroget akterut og dei byrja ta inn vatn.

Personell frå Kinn brann og redning i Måløy var raskt til stades og ytte bistand. Dei har brukt store delar av kapasiteten vår på pumper og slanger, og såleis hjelpt til med å halde kontroll på situasjonen. Dei har heile tida hatt fokus på tryggleik samstundes som dei har arbeidd effektivt med oppgåvene. 

Eg snakka med kapteinen på Fridtjof Nansen som rosa mannskapet for arbeidet deira. Det gjer sjølvsagt eg også. Det er slik eineståande innsats som er med å gi oss eit godt omdøme. Takk!

Mange i helse- og velferdssektoren tek utdanning

Kinn kommune satsar sterkt på kompetanseheving av eigne tilsette innan Helse og velferd.

I 2021 hadde vi 38 assistentar og lærlingar som tok fagbrev og blei helsefagarbeidar.

Av desse var 11 ordinære lærlingar og 27 assistentar/praksiskandidatar.

I 2021 var det også 35 tilsette som tok ulike vidareutdanning på høgskulenivå. Mange av desse tok vidareutdanning innanfor leiing. 

Det var også 12 tilsette som tok vidareutdanning på fagskule. Her var fagområda; demens- og alderspsykiatri, psykisk helsearbeid og kreftomsorg.

Mange held fram utdanninga i 2022.

Som helsefagarbeidarar er det 68 tilsette som er i gang med utdanning. Det er ulike vegar ein kan gå for å ta dette fagbrevet:

  • YSK lærling helsefag
  • Lærling helsefag
  • Lærekandidat helsefag
  • Praksiskandidatordning
  • Aldring og helse: Vegen til fagbrev med opplæringsmodellen «Jeg vil bli helsefagarbeider - med ABC til fagbrev»

I tillegg har vi 32 som er tilsett i Kinn kommune i ulike stillingsstorleikar som er under høgskuleutdanning som sjukepleiar eller vernepleiar.

Ei god helg til dykk alle!

Terje Heggheim
kommunedirektør