Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Bildet viser nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim. Rundt Heggheim er kommunevåpenet til Kinn kommune illustrert i blå fargar - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Godt nytt år til alle!

Prosjekt bemanning

Dei fleste har no fått med seg at kommunestyret har vedtatt ein økonomiplan som betyr færre tilsette i Kinn. Det tilrådde eg også.  Vi har ikkje henta ut effektane av å slå to organisasjonar saman. Vi har gjort ein del, men ikkje ein systematisk og grundig gjennomgang av organisasjonen vår. Det må vi. Kommunestyret peikte på eit større måltal enn det eg tilrådde, men uansett; øvinga blir den same. Vi må og bør gjennom den.

Allereie dagen etter kommunestyret byrja vi planlegge korleis vi skal arbeide med utfordringa. Eg har bestemt å organisere det som eit prosjekt. Med prosjektansvarleg, leiar og prosjektgruppe. Kommunestyret eig prosjektet. Eg er prosjektansvarleg. Eg har bede, og peika ut kommunalsjef Rolf Bjarne Sund til å vere prosjektleiar. I danninga av Kinn arbeidde Rolf Bjarne og eg tett saman i prosjektorganisasjonen. Eg er overtydd om at Rolf Bjarne vil gjere ein god jobb i dette prosjektet også.

Prosjektet er delt i 7 fasar.

Fase 1
Planlegge prosjektet. Skal ende ut i ein prosjektplan som vert vedtatt seinare i dag og etter at fredagsbrevet er skrive.

Fase 2
Lage omtale av jobben som tenesteleiarar og stabsleiarar skal gjere. Det viktige her er å finne handlingsrom for reduksjon av tal tilsette. Vi må omtale konsekvensar av tiltaka.

Fase 3
Tenestene og stabane skal lage ei tenesteomtale, basert på oppdraget i fase 2. Vi skal ha tre arbeidsmøte for teneste- og stabsleiarar. Prosjektgruppa samanfattar arbeidet. Det vert avslutta med eit vedtak av meg 7. februar.

Fase 4
Sektorane; kommunalsjefane for helse og velferd, oppvekst og undervising og samfunn, kultur og miljø, samt kommunedirektøren, skal utarbeide ei sektoranalyse med grunnlag i arbeidet som er utført av tenestene og stabane. Eg tek endeleg stilling til analysen 21. februar.

Fase 5
Vi ser på konsekvensane av analysane. Identifisere kvar, og talet på årsverk dei ulike tenestene og stabane skal redusere med. Då må vi ha nokre kriterium som partane i prosjektet blir samde om. I denne fasen skal vi også sjå på mogelegheitene for å redusere talet på tilsette ved naturleg avgang. Vert avslutta med eit vedtak av kommunedirektøren 21 mars.

Fase 6.
Her vil vi fokusere på den enkelte tilsette som blir råka. Det gjeld avklaringssamtalar, omplassering og til slutt; gjennomføring av oppseiinga. Fasen vert avslutta med vedtak av kommunedirektøren 25 april.

Fase 7
Gjennomføre organisatoriske endringar som følgje av reduksjon i talet på tilsette, og avslutte prosjektet. Vert å vedta av kommunedirektøren 13. juni, som deretter rapporterer til kommunestyret.

Generelt
Kommunestyret og formannskapet vil få meldingar om status i prosjektet i kvart møte fram til sommaren.

Vi vil heile tida arbeide tett med tillitsvalde. Det skjer i prosjektgruppa, gjennom informasjon og ved at kvar fase skal drøftast med tillitsvalde og arbeidstakarorganisasjonane, før fasen blir avslutta med eit administrativt vedtak.

I løpet av dei neste fem åra vil over 300 tilsette slutte ved naturleg avgang. Det inneber at sjølv om det blir færre tilsette, må vi også rekruttere. Då er det paradoksalt at vi ikkje kjem unna oppseiingar. Det er fordi reduksjonane må kome på rett plass i organisasjonen -  og fordi vil heile tida må ha tilsette med den rett kompetanse. Difor heiter prosjektet bemanning og ikkje nedbemanning.

Kinn leverer - saman med dei frivillige

Frivilligsentralane i Kinn ser no tilbake på 2021, pandemiåret, og kva dei faktisk har lagt til rette for. Noko av det viktigaste er å forebygge utanforskap blant barn og ungdom. Sjå her:

  • Det har dei klart fordi dei har søkt og brukt eksterne midlar frå mellom anna Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Men også fordi dei har samhandla på tvers av kommunale tenester og dei frivillige organisasjonane som har gjennomført aktivitetane. Dei har vore ein kommunal utviklar og tilretteleggar i arbeidet med å få flest mogleg barn og unge med i sosiale aktivitetar på fritida. Saman med dei frivillige har dei gjennomført mange og oppretta nye møteplassar for ungdom som det har vore særleg behov for. Sjå her nokre døme frå 2021:
  • Gjennom vår lokale fritidserklæring, der kommunestyret bevilga 300 000,- har 143 barn og unge fått vere med på ein fritidsaktivitet gratis gjennom heile året.
  • I skuleferiane er det tilrettelagt for at 319 barn og unge som har vore med på gratis aktivitetar over fleire dagar som t.d. fotballskule, handballskule og gardsveke.
  • 2273 personar har vore med på gratis opne møteplassar gjennom året. Døme på dette er gratiskino, havrafting, motorcross for jenter, jubeldagane i Måløy, bowling med pizza og masse anna kjekt!
  • 41 barn og kvinner har fått heilt nødvendig symjeopplæring, som gjer dei tryggare i vatn.
  • 86 personar har fått tilbod om gratis jamlege møteplassar kvar veke. Eit døme er ny møteplass for vgs, lærlingar og forkurselevar på Haffen.
  • Så har vi oppgradert våre to utstyrssentralar i Kinn, der alle kan låne utstyr heilt gratis. I 2021 fekk dei totalt 250 000,- til å kjøpe inn endå meir utstyr til både sommar og vinteraktivitetar. Eg håpar at mange nyttar seg av tilbodet! 

I frivilligheita sitt år 2022 skal vi som kommune synleggjere og heie på frivilligheita lokalt. Arbeidet med å førebygge utanforskap blant barn og ungdom er eit synleg døme på kor mykje vi får gjennomført gjennom å tilrettelegge og samhandle med frivilligheita.  Difor er eg glad for at kommunestyret ønskjer å bruke 100 000,- for å markere frivilligheita sitt år i Kinn kommune. Eg ønskjer alle involverte lykke til med planlegging og markering!

Som kommunedirektør les eg mange statistikkar og oversikter. Ingenting gleder meg meir enn at vi vert betre på barnefattigdom og dei unge si psykiske helse.

Ei god helg til dykk alle!

Terje Heggheim
kommunedirektør