Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Bildet viser nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim. Rundt Heggheim er kommunevåpenet til Kinn kommune illustrert i blå fargar - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Neste praksis 1; meld frå om feil ved lyspunkt

I Kinn har vi nærmare 5150 gatelyspunkt som vi stadig får feilmeldingar på. Det er ikkje alltid lett å melde inn rett lokalisering av kvart enkelt punkt.  Då kan vi bruke mykje tid på feilsøking.

Frå 1. januar 2022 tar vi i bruk eit nytt system. Det blir lettare å melde frå om feil. Du må registrere deg på kommunen si heimeside for å bruke det nye hjelpemiddelet.   

Det vil gjere det enklare å melde inn feil og manglar på gatelys, på kommunale vegar og dei fylkes- og riksvegane vi har ansvaret for. Innmeldar vil sjå om gatelyset ein ønskjer å melde inn ikkje er knytt opp til det kommunale ansvaret. Dersom feilen er meldt inn av andre, vil det også bli synleg for den som melder inn.

Frå januar kan du bruke mobiltelefonen til å melde feil.  Då står du ved lyspunktet som er ute av drift, finner linken på heimesida til kommunen og registrerer feilen. Då kjem meldinga med rett lokalisering av lyspunktet, direkte til sakshandsamar. Der blir den raskt meldt vidare til entreprenøren som vil utbetre feilen. Kommunen bruker mindre tid og kostnadar til feilsøking. Vi unngår også at det er mørkt over lengre tid. I Kinn held vi fram arbeidet med å finne tenlege løysingar og neste praksis.

Neste praksis 2; betal avgiftene når det passar deg

Kinn kommune har no teke i bruk ei ny ordning for fakturering.  No kan du velje kor tid du vil betale dei kommunale avgiftene. Du kan velje kor ofte du skal få faktura på dei kommunale avgiftene i løpet av eitt år.

Du kan lese meir om løysinga, og velje talet på faktura her.

Det vi no gjer er i tråd med det kommunestyret har bede om.

Med neste praksis 1 og 2 meiner eg Kinn kommune leverer. Vi sa Kinn skulle vere tidleg ute med neste praksis.  Dette er to nye tiltak. Og du, det kjem fleire i året som kjem!

Video frå informasjonsmøte i dag

I dag hadde vi eit informasjonsmøte med tenesteleiarar og andre. Det vart informert om Covid-19 situasjonen generelt, budsjettvedtaket, prosess med evaluering av Kinn og nedbemanningsprosjektet. Det var over 150 deltakarar med i Teams-møtet.  Dersom du var blant dei som ikkje hadde høve til å delta, kan du sjå opptak av møtet. Då kan du nytte denne lenka

Rekordmange byggesaker

Det er høg aktivitet i Kinn. Publikum og næringsliv har tru på framtida og investerer stort. Det er ein situasjon alle kommunar ønskjer å vere i. Kommunen har ei viktig rolle i å legge til rette for utvikling. Store og små byggetiltak skal finne si avklaring innan rammene for kommunen sin planar, plan/bygningslova og andre føringar. Aldri før har kommunen handsama så mange byggesaker som no.

Vi har så langt i år handsama 610 byggesaker. Det er over 100 saker fleire enn i 2020. Sakene er handsama godt innanfor fristen. Saker med 3 vekers frist har ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på 2 veker og saker med 12 vekers frist vert tilsvarande gjeve løyve innan 6 veker. For planar med større omfang, slik som områdeplanar, detaljreguleringsplanar og endring av eksisterande reguleringsplanar har vi også stort tilfang.

Vi har gjennom året arbeidd med 40 ulike typar planar, store og små. Desse sakene handsamar vi innanfor dei lovbestemte fristane. Mottek vi komplett plangrunnlag har dei normalt vorte handsama i første politiske møte etter. Her er lovkravet 3 månader etter dei er kome til kommunen. Planane gjeld alt frå større industriomåde, større bustadsprosjekt, områdeplanar eller areal til hytte og fritidsbustader. I denne samanheng kan nemnast detaljregulering for Næringsområde på Nesjane, områdeplan for Øvre Skram, Måløy sentrum og 2.gangshøyring for kommunedelplan for Florelandet Brandsøy.

Planavdelinga jobbar på spreng med kommuneplanen sin arealdel som må leggjast ut til 1.gangs høyring på ettervinteren. Med høg aktivitet vert det også stor saksmengde for oppmåling og press på ajourhald av kartportalane. På grunn av ferdigstilling av kommuneplanarbeidet blir det våren 2022 sett inn ekstraordinære tiltak for å bli ferdig med denne viktige planen. Fram til april kan det ta noko lenger tid å handsame reguleringsspørsmål.   

Takk til planavdelinga som verkeleg bidrar til kommunen si rolle som samfunnsutviklar!

God jul og godt nytt år!

2021 vart også eit spesielt år. Då samfunnet vart opna på våren, trudde vel dei fleste av oss at det gjekk mot ljosare tider. Det gjorde det, men det varte ikkje lenge. No er vi tilbake til det meir lukka samfunnet. Ingen av oss veit kor lenge vi må ha det slik.

Eg ser slitne medarbeidarar. Veldig slitne. Mange av dykk yter langt ut over det vi kan forvente, også i ein krisesituasjon. Det gjeld mange. Alle tilsette i helsestellet har tøffe dagar og eit høgt sjukefråvær gjer til at du må yte enda meir. I oppvekstsektoren opplever dei det same. Barnehagar og skular må tilpasse drifta, og sjukefråværet byrjar bli faretruande høgt der også. Det vert meir på dei som er att.

Som kommunedirektør skulle eg gjerne vore rundt og takka kvar og ein av dykk. Det får eg ikkje til. Eg vil likevel nytte brevet til å takke deg. Eg er ein stolt direktør som har 1 600 tilsette som står på kvar einaste dag til innbyggjarane sitt beste. Takk for den flotte jobben du gjer for Kinn kommune.

Eg vil takke alle for samarbeidet i året som snart er omme. Folkevalde og alle tilsette. 

Med ønskje om ei god jul og eit godt nytt år til alle!

Terje Heggheim
kommunedirektør