MinEigedom – No kan du bestemme sjølv kor ofte du får faktura på kommunale avgifter og eigedomsskatt

Bildet viser nærbilde av ein person som skriv på ei bærebar datamaskin, med fokus på skjermen der ein ser ulike tabellar, kakediagram og grafar.  - Klikk for stort bilete

Har du hørt om MinEigedom? Der kan du no logge inn, og bestemme sjølv kor mange termingebyr du får på kommunale avgifter og eigedomskatt i løpet av eit år. Du finn også anna god informasjon om dine eigedomar.

Logg inn via ID-porten på MinEigedom her

Hyppigheit på faktura

No kan du sjølv velge kor mange gonger i året du ønskjer å motta faktura på kommunale eigedomsgebyr. Du kan her velge om du vil ha fleire faktura med eit lågare beløp, eller færre faktura med eit høgre beløp. Beløp du må betale for eit år vil samla sett vere det same.

  • 1 terminbeløp
  • 2 terminbeløp
  • 4 terminbeløp
  • 12 terminbeløp

Endringar vil skje frå neste fakturering etter endring.

Du finn også meir informasjon

I MinEigedom finn du informasjon om alle eigedomane du står som heimelshavar på i heile landet. Der står det mellom anna:

  • Takst på eigedomen
  • Fakturerte eigedomsgebyr
  • Kor tid neste faktura kjem
  • Pengehefte og servituttar
  • Val av kor mange terminar du får tilsendt faktura på eigedomskatt og kommunale avgifter