Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim - Klikk for stort bileteKommunedirektør Terje Heggheim Kinn kommune, Henrik Ulriksen

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen. 

Ny kjøkenordning

Torsdag følgde eg Halvor Halvorsen, dagleg leiar for det kommunale føretaket Bordgleder rundt om i Måløyområdet. Det var i samband med at vi no går over til å levere mat frå føretaket i Florø til alle i Kinn.

Først var eg på kjøkenet i Måløy og takka av dei som no har si siste produksjonsveke på kjøkenet der. Eg må seie at dei har vist ei sunn innstilling til det å vere ein del av ein så omfattande endringsprosess. Mange av dei har arbeidd lenge ved kjøkenet og skal om ikkje lenge ta til med nye oppgåver i kommunen. Tidlegare i veka kunne vi lese om dei tilsette sine uttaler til Fjordenes Tidende. At dei gir uttykk for vemod med tanke på at det skal stå eit tomt kjøken i Måløy. Det forstår eg. Eg forstår også at det har vore vanskeleg å forholde seg til skiftande datoar for når dette skal skje. No har det skjedd og all honnør til dei tilsette som eg ønskjer lykke til vidare med nye utfordringar i kommunen.

Samstundes var vi på Kulatoppen og Skaretunet og såg korleis dei riggar seg for den nye forsyningskjeden der. Kjølerom og mottak ser ut til å fungere godt. På Skaretun må det gjerast enkelte endringar for at det skal bli fullgodt. Då vi var rundt om hadde dei mottatt forsyningar for tre dagar, som ei prøveordning. Det faste vil vere mottak for sju dagar i slengen. Reinhaldstenesta skal hjelpe til med å bringe maten ut til dei heimebuande. Dei såg ut til å vere godt budde på dei nye oppgåvene og eg ønskjer dei også lykke til.

Til sjuande og sist er det Bordgleder KF som no må vise at dette er ei god ordning for alle. Eg er overtydd om at det vil skje. I samtale med den daglege leiaren fekk eg ei oppleving av at det var prioritet nummer ein. Samarbeidet med reinhaldstenesta, institusjonane, små som store ser alt ut til å vere i god gjenge. Lykke til!

2022 frivilligheita sitt år

I heile 2022 skal vi feire frivilligheita - Norges største lagarbeid. Ressursgruppa for frivilligheit i Kinn kommune har alt starta planlegginga. I Måløy er dei nett ferdig med jubeldagane - ein forsmak av kva frivilligheita gjer og ikkje minst kor mykje som skjer.

I Florø inviterer Kinn kommune til feiring av frivilligheita sin dag og opning av året 5. desember på Florø kulturhus. Her skal vi også heie fram Askrova Bygdelag som ein av finalistane til årets nasjonale frivilligpris! Dei har imponert mange som har nominert dei i fleire år, og opningsfesten med prisutdeling vil sjølvsagt bli streama i kulturhuset. Eg må nytte høve til å oppmode alle å heie fram vår eigen kandidat og stemme: Meir info om frivillighetsprisen finn du her.

Den 5. desember inviterer vi frivillige, medlemer, organisasjonar, næringsliv og alle andre til å kome med innspel til korleis vi vil feire frivilligheita sitt år i Sør-Kinn. Ressursgruppa i Kinn vil invitere til same innspelsmøte i Nord-Kinn i januar.

Målet er å få fleire med, synleggjere alt det dei frivillige gjer i sitt lokalsamfunn og ikkje minst; fortelje dei fine historiene om kvifor det er så kjekt å vere med som frivillig. Alle er hermed invitert. Velkommen!

Microsoft Teams - ein samleplass for alle tilsette

Vi går no i gang med å rulle ut eit Team for alle tilsette. Alle i organisasjonen får tilgang til eit felles Team. Her vil du mellom anna finne informasjon frå kommuneleiinga, tips og triks til bruk av Teams, bildebank, informasjon frå personal- og lønn og meir. Det er også ein eigen sosial kanal som vi håpar blir flittig brukt. Her kan du dele aktivitetar som andre kollegaer kan delta på, invitere til sosiale arrangement etter arbeidstid og meir. Det er så klart frivillig å ta i bruk Teams på din private eining om du ikkje nyttar det til vanleg i arbeidskvardagen.

Team for alle er framleis under utbygging, og noko vi vil kontinuerleg utvikle. Det skal i hovudsak vere ein plass du finn informasjon som er relevant for deg i forhold til organisasjonen.

Frå og med måndag 29. november har alle fått tilgang. Prøv å logg deg inn før 1. desember, slik at du får deltatt i julekalenderen vår!

Treng du hjelp til å få tilgang, eller har problem med å logge deg inn, kan du sjå rettleiing her.
 

Julekalender i Team for alle

Frå 1. desember til og med 24. desember kan du ta del i kommunen sin julekalender! Følg med i "sosial kanal" - her blir luker i kalenderen lagt ut. Du kan anten bruke PC'en din (nettlesar), eller laste ned Microsoft Teams til mobiltelefonen eller nettbrettet ditt, og logge deg inn med din kommunale brukar. Alle som i dag logger inn i Nordfjordnett har allereie passord og brukarnamn. 
Viss du ikkje veit ditt brukarnamn og passord kan du besøke denne lenka for rettleiing

Kvar dag legg vi ut ei kalenderluke, der du kan svare på eit spørsmål, og delta i trekninga av ein liten kalendergåve som kan ende opp som ein stor! Premien er nemleg FlaxLodd! 


God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør