Det er mange som ikkje har jobbtelefon, eller nyttar PC i arbeidskvardagen. Likevel kan det vere lurt å laste ned Teams til din private mobiltelefon/nettbrett, eller logge inn via office.com - då får du med deg viktig informasjon frå arbeidsgjevar og du kan kommunisere med kollegaer via chat/video/tale! Nedanfor kan du få hjelp til korleis laste ned og logge inn på Teams med kommunal brukar.
Eksempelet i videoen nedanfor er laga for studentar, men det er same måte du loggar inn på med din kommunale konto. Brukarnamnet ditt er som regel ein e-postadresse basert på namnet ditt: "fornamn.etternamn@kinn.kommune.no".
Viss du allereie har ein konto i Nordfjordnett
Om du veit at du har ein kommunal brukar kan du logge inn med vanleg brukarnamn (e-post) og passord. Viss du ikkje har denne informasjonen kan du sjå nedanfor.
Har du aldri fått brukarnamn og passord?
Alle tilsette har fått ein kommunal e-postadresse og brukar i Teams - men det er ikkje sikkert du har visst om det. Følg stega nedanfor om du ikkje veit passordet ditt. Lurar du på kva e-postadresse du har, kan du ringe Henrik Ulriksen eller Nordfjordnett si brukarhjelp.
- Du kan først prøve å lage eit passord via denne lenka: passord.nordfjordnett.no
- Fungerer ikkje dette kan du ringe Nordfjordnett på tlf. 950 06 015, for å få hjelp. Fortel at du har problem med å logge deg inn på Teams og manglar brukarnamn/passord.
Du kan også bruke nettlesaren din
Når du har brukarnamn og passord kan du også logge inn i Teams via nettlesaren din. Logg inn på www.office.com.
I venstre marg kan bruker du Teams-ikonet for å opne Teams. I "Sosial kanal" finn du t.d. julekalenderen vår:
Last ned Teams - rettleiingsvideo
Du kan også laste ned teams på din PC eller mobiltelefon. I videoen nedanfor får du ei lita rettleiing.
Du kan laste ned Teams her
Dei første 30 sekunda er mest relevant:
Sjå videorettleiing for installasjon av Teams her
Publisert av Henrik Ulriksen
Publisert 17.11.2021 08.41
Sist endra 05.01.2023 09.51