Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim - Klikk for stort bileteKommunedirektør Terje Heggheim Kinn kommune, Henrik Ulriksen

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen. 

Økonomiplanen fram til 2025

Tysdag la eg fram utkastet for økonomiplan fram til 2025.

Dette er det mest krevjande budsjettarbeidet eg har vore med på. Vi har tidlegare sagt at Kinn-økonomien manglar berekraft. At det er eit misforhold mellom inntektene og utgiftene til kommunen.

No er utfordringane større enn dei vi hadde for driftsåret vi har lagt bak oss. Det betyr at vi ikkje kjem utanom å redusere talet på årsverk i økonomiplanperioden. Det vert difor lagt opp til ein prosess med å redusere tenesteområda sine årsverk med 35 innan 2022. Det vert lagt inn halvårseffekt for 2022 (for 35) og full effekt i 2023-2025. Det same gjeld 12 årsverk frå 2024.

Reduksjonen skal skje i samarbeid med dei tilsette sine organisasjonar, og følgje avtaleverket sine reglar for slike tiltak. Reduksjonen av årsverka er i budsjettutkastet frå kommunedirektøren, men kan bli justert mellom tenesteområda etter drøftingar med arbeidstakarorganisasjonane. Kommunedirektøren har i forkant av budsjettframlegget orientert gjennom leiarane til dei tilsette om framlegget. Ut frå den krevjande situasjonen vil vi starte arbeidet så snart som mogeleg og i forkant av kommunestyret si endelege førehaving av budsjett og økonomiplan.

Reduksjonen i talet på årsverk erstattar tiltaka som tidlegare var omtalt som «Personal 20X».

På same vis og i tillegg – må vi ta omsyn til den demografiske utviklinga. Staten vil dreie overføringane til kommunane på ein måte som speglar færre born, fleire seniorar. Difor må vi ha eigne tiltak kopla til demografiutviklinga. Då legg vi til grunn KS sine modellar. Det er det beste verktøyet vi har no, men det er usikkerheit rundt tala. Demografimodellen byggjer på Statistisk sentralbyrå sine tal. Vi meiner kanskje dei er for pessimistiske, og legg oss difor på noko lågare reduksjon enn det KS har i modellen.

Det har vore planar om omfattande investeringar. Intensjonsavtalen for Kinn og seinare økonomiplanar har hatt med fleire større investeringsprosjekt som skal gjere Kinn til ein betre kommune å bu i, og meir attraktiv. Det går ikkje! Den samla lånegjelda vert for høg, og utan å ta ned driftskostnadane, i kombinasjon med reduserte investeringar, vil vi ikkje vere i stand til å betale for dei nye låna. Reduserte driftskostnader vil få konsekvensar for det samla tenestetilbodet vi kan gi i åra som kjem. Med unntak av investeringar i vatn og avlaup og auka institusjonskapasitet i Florø, er dei andre større investeringane sett opp med planleggingsmidlar i perioden. Det betyr at vi må sjå meir på både det enkelte prosjekt og eventuelt korleis vi finansierer dei. I dag vil det vere uforsvarleg å ha desse med som investeringar. Difor er prosjekta Skram skule, Storhallen i Vest, gymsal i Florø, prosjekt vi må vente med. Vi må bruke tida på å skape eit økonomisk grunnlag for dei. Grunna statusen med tilsynspålegg ligg brannstasjonane i Florø og Måløy inne.

Sjølv om vi tar ned fleire av dei store investeringane vil vi ende med ei stor lånegjeld i 2025. Det heng blant anna saman med framleis større investeringar i VAR (vatn, avlaup og renovasjon), auka omfang av Startlån, nye auka låneopptak til institusjonsplassar i Florø, og ein auke i lån for å låne vidare til blant andre Florø Hamn KF.

Eg trur alle; uansett rolle i Kinn, vil vere best tent med at vi er realistiske om kva vi kan få til. Eg trur også alle vil forstå at det er det beste for kommunen si berekraft på sikt.

Det er sjølvsagt ikkje kjekt å starte ei nedbemanning av organisasjonen. Eg vil streke under at dette skal skje på ein måte som tek i vare alle sine interesser. Sjølvsagt handlar det om at nokon må slutte i organisasjonen, men vi må også sjå det i høve om vi erstattar dei som vi veit vil gå av med pensjon i dei første åra som kjem.

Det er utfordrande for Kinn, men vi ser også at dei andre kommunane som slo seg saman har store økonomiske utfordringar. Det gjeld både Stad og Sunnfjord. Det er sjølvsagt inga trøyst, men likevel ein tankevekkar.

Temadag

Kinn kommune skal no lage temaplanar for dei to tyngste sektorane. Oppvekst og helse og velferd. Korleis skal vi løyse dei store utfordringane som ligg føre oss? Desse to sektorane vil frå 2025 nytte om lag 1 milliard kroner til drift. Vi veit at vi står overfor store demografiske endringar med færre unge og fleire seniorar. Korleis skal vi ta høgde for det når vi skal sjå inn i glaskula?

Torsdag var over 50 tilsette og folkevalde samla til temadag om desse planane. Etter ei felles innleiing vart det delt inn i ulike temagrupper som skulle kome med sine vurderingar om kva som vil vere tenleg å ha med i det vidare. Eg opplevde interesserte og engasjerte deltakarar som kom med mange innspel.

Runa Nybakk ny kommunalsjef

Då gleder det meg å melde at Runa Nybakk har takka ja til stillinga som kommunalsjef for oppvekst og undervisning i Kinn. Runa har vore konstituert i stillinga sidan 1. august, og eg ser fram til å samarbeide vidare med ho i ei tid då eg veit vi har store, tunge og viktige saker vi skal legge fram. Gratulerer og lykke til med nye utfordringar!

Ny dato for Bryggja-skjønet

Grunna sjukdom vart skjønsnemnda sitt møte om Bryggjaoppgjeret utsatt. Det skulle vere i dag. Mest truleg vert det nytt møte i slutten av januar neste år.

God helg!

Terje Heggheim
kommunedirektør