Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

26 000 vaksinedosar

Vi er framleis i ein pandemi, men samfunnet har opna. Vi kan sjå tilbake på halvtanna år med tiltak, tilpassa drift, vaksinering med meir.

I Kinn kommune har vi hatt 208 positive covid testar fram til i dag. Alle vart smittespora og handtert. Det er teke over 13 000 testar som er sendt sjukehus. Det kjem i tillegg til 1000- tals hurtigtestar som vi har analysert lokalt.

Eit fåtal av dei positive prøvane har ført til utbrot, og det er vanskeleg å definere tal utbrot. Vi har likevel hatt smitte til dømes hjå tilsette i sjukeheimar, men utan vidare spreiing til pasientane. I mange barnehagar har vi hatt smitte med minimal spreiing. Det same gjeld i enkelte skular.

Alle utbrot har vorte slegne ned i løpet av 1-3 veker utan store driftskonsekvensar/reduksjonar som har gått utover tenestetilboda. I dei tilfella har vi følgd nasjonale reglar.

Vi har ikkje hatt trong for, på noko tidspunkt, å innføre inngripande lokale forskrifter, men løyst smitten med testing, isolasjon, smittesporing og karantene (TISK).

Det er så langt sett over 26 000 vaksinedoser og over 90 prosent av innbyggarane over 16 år har fått vaksine, over 85 prosent er fullvaksinert.

Tenk over den flotte jobben alle har bidrege med! Eg har sagt det tidlegare; eg er ein stolt kommunedirektør, stolt over den måten alle tilsette i Kinn har jobba målretta med dei ulike situasjonane vi har hatt. Eg føler meg trygg på at dei folkevalde sluttar seg til det.  Kan hende det viktigaste; at du som bur i Kinn opplever å bu i ein trygg kommune.

Skram skole - tilrår nynorsk som målform

Det har vore gjennomført ei rådgjevande folkerøysting om kva målform vi skal ha ved Skram skole. 55,5 % røysta for bokmål, 41,7 % for nynorsk. 

Grunnen til at eg tilrår nynorsk er først og fremst tufta på talet som veljer nynorsk ved start i skulen. I dag har skulen 235 elevar. 165 av dei har nynorsk som målform. I 7. trinn er det meir lik fordeling. Der har 17 nynorsk og 17 bokmål.  Biletet er annleis for 1. trinn.  Der har 26 elevar nynorsk medan 10 har bokmål. 

58 % av dei som røysta er over 50 år. Då stiller eg spørsmålet om desse er representative for den gruppa eit vedtak skal gjelde for.  Situasjonen i dag viser jo at foreldra vel nynorsk i langt større grad enn dei som vel bokmål. Då vil eg hevde at det faktiske valet av målform er meir representativt enn den rådgjevande folkerøystinga.

Det er grunngjevinga for mi tilråding. Til sjuande og sist er det sjølvsagt kommunestyret som avgjer val av målform ved Skram skole.

Det går mot eit nytt regionalpolitisk råd

No ser det ut til at ti kommunar vil gå saman om å danne eit nytt regionråd. Etter kommunereforma vart samarbeidet i dei gamle regionråda utfordra. Sunnfjord er no berre éin kommune. Det er færre kommunar i Nordfjord og HAFS-regionen. Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund ønskjer samarbeid med dei andre kommunane. 

Det har vore gjennomført fleire møte med dei aktuelle kommunane. Vi er no vorten samde om å danne Fjordane interkommunalt politisk råd (FIPR). Det vert no fremma ei sak som kvar kommune må godkjenne og slutte seg til det nye samarbeidet.

Innan 31. desember skal kommunane ha tatt stilling til samarbeidsavtalen og ei innmelding i det nye rådet. Dersom alle seier ja, vil det nye regionrådet bestå av Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Sunnfjord, Kinn, Bremanger, Stad, Gloppen og Stryn. Eg tilrår at Kinn vert med i det nye rådet.

Saka vert handsama i neste kommunestyremøte 28. oktober.


God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør