Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Vi opnar, men vaksiner deg!

I dag kom meldinga om å opne samfunnet igjen. Det skjer med verknad frå kl. 16.00 i morgon laurdag 25. september. Kinn kommune er klar for å opne opp att. Vi er klare til å gå tilbake til den normale kvardagen. Sjølv om vi dei siste dagane faktisk har hatt det største smitteutbrotet under pandemien, er vi klare. Vi slo også dette utbrotet ned. Igjen, kan vi takke helsestellet vårt og ikkje minst dyktige tilsette ved Florø ungdomsskule for ein eineståande innsats.

Alle ønskjer seg tilbake til ein normal kvardag. Vi er på veg mot den no. Det er ei utfordring med dette. Dei uvaksinerte!  Difor oppmodar eg alle som ikkje er vaksinert om å gjere det. Du kan gjere det på drop in eller på torsdag i Florø i neste veke. Det kan du også gjere den 7. oktober i Florø. Begge dagar i tida frå 1600-1730. I Måløy kan du vaksinere deg kvar onsdag til og med 13 oktober, i tida 1600-1800.

Brannstasjon i Florø

I går vart saka om brannstasjon i Florø handsama i kommunestyret. Innleiingsvis ba eg om at saka vart utsett. Det heng saman med at helseføretaket har kome med ønskje om eit møte for å drøfte ambulansetenesta. 

I saka, slik ho ligg no, tilrår eg å bygge ny brannstasjon ved Florø kulturhus. Det gjer eg ut frå kommunen si samla evne til å investere. Det er den billegaste løysinga. Dersom andre som til dømes Redningsselskapet, ambulansetenesta med fleire, ønskjer å samlokalisere seg i eit nytt og felles bygg, vil eg vurdere saka annleis. Då vil leigetakarar svare for dei meirkostnadane eit større bygg medfører.

Eg ser at saka har engasjert mange, spesielt dei tilsette i brann og redningstensta. Det forstår eg, og det skulle berre mangle. Så lenge debatten og drøftingane er tufta på fakta og saklege argument, er alle velkomne med sine bidrag. Også dei tilsette.

No får vi sjå kva møta med helseføretaket og SMS fører til. Eg veit ikkje. Dersom det ikkje bring noko nytt til saka, vil tilrådinga mi stå fast.

Skram skole

Ein kommunedirektør styrer etter vedtak. Fleirtalsvedtak. Nokre gongar er fleirtalet knapt, andre gongar stort. I går foreslo og vedtok eit samrøystes kommunestyre korleis vi skal arbeide vidare med nye Skram skole. Eg vil rose dei folkevalde for korleis dei gjennom drøftingar og vedtak gir uttrykk for kor viktig denne saka eigentleg er. No er det bestemt å rive det gamle bygget frå 1920. Bygget har ein kulturhistorisk verdi. Den verdien er no målt mot kva det vil koste å ta vare på den, og ikkje minst det usikre ved å gjere det.  Kommunestyret ba om ei slik vurdering. 

Det var eit samla kommunestyre som i går kvitterte ut saka og sa at dei ikkje vil ta risikoen ved å ta vare på det gamle. Dei gjorde det etter grundig dokumentasjon og medverknad frå fleire hald. Skal vere varsam med å bruke for store ord, men kanskje dette er eit døme på korleis lokaldemokratiet kan fungere godt.

 

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør