Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen. Denne veka kan du også lese om resultatet frå rådgjevande folkerøysting om målform på Skram skole.

Prestegarden, sjukehustomta og gymsal i Florø, sei meininga di i Strandgata 2.oktober

Planlegginga av området ved prestegarden, sjukehustomta og ny gymsal ved Florø barneskule er no i full gong. Her er medverknad frå folk flest, interessegrupper og ikkje minst frå brukarane av området som no er hovudfokus.

Det er lagt opp til ein effektiv og god prosess som skal sikre framdrifta i prosjektet. Mange av kommunen sine tilsette har også sin arbeidsplass knytt til Florø barneskule, og i framtida vil også mange helsearbeidarar arbeide her. Den verdifulle kompetansen som ligg i vår eigen organisasjon vil vere nyttig i planlegginga. Eg vil difor oppmode alle som har noko på hjartet til å spele inn tankar og idear på innspelsportalen på kommunen si nettside, eller ved å sende ein e-post til kommunen.

Arealplanleggar Marianne Grytten vil også vere tilgjengeleg på Florø kulturhus på tysdagar i september frå 14.30 – 16.00. Her vil ein kunne få informasjon om kvar prosjektet er i prosessen, og det vil bli høve til å kome med innspel. 2. oktober vil også prosjektleiarane for sjukehuset Anita Solbakken og prosjektleiar for bygging av ny gymsal Per Arne Solheim vere tilgjengeleg i Strandgata for å svare på spørsmål og ta i mot innspel.

Tilrår å rive gamle Skram skole

I går avslutta vi sak om kva som skal skje med bygget frå 1920. Vi kjem med ei tilråding om å rive bygget frå 1920. Då vil alle bygg i skuleanlegget bli rivne. Vi har vurdert fleire sider, men kome fram til at det mest tenlege er å rive bygget. Etter ei vurdering av teknisk standard, miljø, økonomi og funksjonalitet, er det klart at riving er den beste løysinga. Vi har betydeleg med dokumentasjon og du kan lese meir i saka som no ligg tilgjengeleg på heimesida vår.

Stortingsvalet

I Kinn kommune var det 9392 personar av totalt 12 262 røysteføre som røysta ved Stortingsvalet 2021, det vil sei 76,59% av veljarane i kommunen.

Av desse røysta 5255 (42,86%) på førehand og 4139 (33,75%) på valdagen 13.09.2021.

Valmedarbeidarane på servicetorga i Florø og Måløy gjorde ein framifrå jobb under førehandsrøystinga, og valmedarbeidarane i røystestyra på valdagen likeså.

I tillegg hadde vi teljekorps på valdagen som sørga for at opptellinga gjekk rett føre seg og vart gjennomført på ein tilfredsstillande måte.

Administrasjonen vil i lag med politikarane, gjere ei evaluering av heile valperioden og ta den med oss i planlegginga og gjennomføringa av kommune- og fylkestingsvalet i 2023.

Før vi evaluerer vil eg likevel takke alle valfunksjonærane som var i sving på valdagen og alle dei som la til rette for måtane å røyste på førehand. De har løyst oppgåvene på ein framifrå måte. Vi har gjort erfaringar som vi kan dra nytte av ved seinare høve. Vi har medverka til at tradisjonelle måtar å røyste på kan bli utfordra. Slik håpar eg vi kan auke valdeltakinga, spesielt blant unge.

Leiar for informasjon og service, Linda Myhre Larsen har saman med medarbeidarar og funksjonærar planlagt og gjennomført stortingsvalet i Kinn på ein solid måte. Alle er takknemlege for det. Til Linda og alle, takk for innsatsen!

Målform ved Skram skule

Resultatet frå rådgjevande folkerøysting om målform ved Skram skole frå skuleåret 2022/2023 er klart.

Av 1903 røysteføre i Måløy krins røysta 762 personar. På førehand røysta 499 personar, og 263 på valdagen. Totalt 40,04% av dei røysteføre i Måløy krins, nytta høve til å røyste.

Prosentfordeling av innkomne røyster vart 55,5% for bokmål, 41,7% for nynorsk og 2,8% røysta blankt.

Sak om målform ved Skram skole kjem til kommunestyret seinare i haust.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør