Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Plan for klima, berekraft og naturmangfald

I dag er planen lagt ut på høyring. Høyringsfristen er 1. oktober. Plan-, miljø- og næringsutvalet har vedteke å leggje ein omfattande og ambisiøs plan innanfor dette feltet på høyring. Med dette planframlegget er Kinn kommune langt framme nasjonalt. No har du moglegheit til å vere med å påverke kommunen sitt arbeid med klima og naturmangfald med å gje ditt høyringsinnspel. 

Utvikling av Gate 1 i Måløy

Kommunestyret har vedteke at gata skal oppgraderast i samband med at vi skal skifte ut gamle vassrøyr og avløpsanlegg. Denne veka arrangerte vi folkemøte om utvikling av gata. Grunnen er at vi ønskjer at innbyggarar og næringsliv skal vere aktive deltakarar i dette arbeidet. Planleggingsarbeidet er ikkje ferdig. Har du tankar om dette, ta kontakt med teknisk avdeling i kommunen. Planen er å kome i gang med anleggsarbeidet i løpet av 2022.

Ny leiar på Furuhaugane omsorgssenter

Siw Lambrecht er no tilsett som ny tenesteleiar på Furuhaugane omsorgssenter. Siw bur i Solund og vert i første omgang vekependlar. Ho har lang erfaring som leiar i omsorgstenesta, og kjem frå stilling som avdelingsleiar med ansvar for institusjon, heimeteneste og miljøteneste i Solund. Siw har master i klinisk sjukepleie, vidareutdanning innanfor palliasjon og utdanning i leiing frå BI.

Ytterlegare 2.3 millionar til breiband i Kinn

Vi har fått melding frå fylkeskommunen om at Kinn kommune får ytterlegare 2,3 millionar kroner til breiband. Tidlegare i vår fekk vi vite at fylket tildelte oss nærare 16 millionar til føremålet. Det viser seg no at det står att nokon midlar i fylket frå tidlegare tildelingar. Det er dei vi har følgd opp og drøfta med fylkeskommunen om vi kan få til arbeidet vårt i Kinn kommune. Fylkeskommunen har no sjekka dette ut med Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei har ikkje innvendingar mot at fylkeskommunen tildeler også desse midlane til oss. Det er igjen godt jobba i arbeidsgruppa, og i denne spesielle oppfølginga frå Jeikishan Jegathesan si side.

Det betyr at det no vi kan starte arbeidet med å legge breiband til Standal/Svortevik, Klauva/Haukå, Litle og Store Høydal, Remma/Skredhaug/Teigen/Barlindbotn/Djupevik/Kvalsvik og Jagedalen.

Er du i karantene og vil røyste måndag?

Dersom du på grunn av karantene eller isolasjon ikkje kan møte opp og røyste på valdagen, kan du søkje om å få røyste heime. 

Frist for å søkje er 13. september kl. 10.00.

To av våre valfunksjonærar kjem heim til deg og står utanfor, medan du får ein konvolutt som inneheld alle stemmesetlane for partia som stillar med liste i Sogn og Fjordane krins. Du vel den stemmesetelen du ønskjer, og beheld dei resterande. På den måten bevarer vi prinsippet om hemmeleg val. Valfunksjonærane stemplar setelen, krysser deg av i manntalet, og du legg setelen i urna. Valfunksjonærane held god avstand til deg under heile prosessen.

Då ringer du valansvarleg på telefon 57 75 60 00 i opningstida 09.00 - 15.00.

God helg og godt val!

Terje Heggheim
Kommunedirektør