Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Vaksinering i sommar

I sommar skal vi vaksinere i veke 25, 28 og 31 i Florø. I Måløy vaksinerer vi i vekene 26, 29 og 32.

Vi har endå ikkje fått klare meldingar om kor mykje vaksine vi vil få i sommar. Men det er signalisert at vi vil få ei betydeleg auke i tal dosar frå midt i juli.

Vi vaksinerer no aldersgruppa 45+ i Florø. Dei som er mellom 45-49 år og bur i Florø, fekk i dag ei SMS-melding om at dei også kan bestille seg time på remin.no.

Deretter vil vi vaksinere aldersgruppe 40-44 samstundes som gruppa 18-25 vil få tilbod om vaksine.

Det ligg god og oppdatert informasjon på Kinn kommune si heimeside.

Utlysing av kommunalsjef for oppvekst og undervisning

I dag blir utlysinga av stillinga som kommunalsjef for oppvekst og undervisning lagt på kommunen si heimeside. 

Kjenner du ein god kandidat; kan du jo gjere vedkomande merksam på utlysinga. 

Det kjem stillingsannonse i aviser og tidskrift i neste veke.

Kinn deltar på torgdag i Bergen

I morgon vert den tradisjonelle torgdagen arrangert i Bergen. Men, ikkje heilt etter same mønster som tidlegare. Styret i Torgdagen og Kystkultur.no inviterer til ein digital og smittesikker versjon av arrangementet. 

Torgdagen vert sendt på Youtube og Kystkultur.no og startar kl. 10.00.

Kinn kommune har med tre innslag av dei 40 innslaga frå kommunane i Vestland fylke.

Det blir ei helsing frå ordførar Ola Teigen. Gammen Mannskor og Bella Tango frå Florø tek også del.

Det same gjer «Eg og Du og Vi 1-2-3-4» med Julie Falkevik frå Måløy.

Du kan følgje sendinga her.

Solund kommune med i folkehelseavdelinga

Kinn kommune er vertskap for den interkommunale folkehelseavdelinga der sju kommunar deltek. No kjem Solund inn som nytt medlem. Det gleder oss. Kommunen var med i avdelinga fram til 2015 då dei meldte seg ut. Etter det har dei løyst oppgåvene sjølv.  Det går fram av saksutgreiinga deira at det er krevjande for mindre kommunar å forvalte dette ansvaret. I den interkommunale ordninga samarbeider kommunane om miljøretta helsevern, smittevern, samfunnsmedisinsk rådgjeving og folkehelse. Etter dialogmøta vi har hatt med deltakarkommunane har vi fått gode tilbakemeldingar på korleis vi samarbeider om desse oppgåvene. 

Vi ønskjer Solund velkomen tilbake, og ser fram til å samarbeide om desse viktige oppgåvene i tida som kjem.

Kulturskulen si sommarforestilling

I kveld kl. 18.00 held Kinn kulturskule si sommarforestilling i amfiet på ungdomsskulen i Måløy. Vi er ikkje der at vi kan invitere alle endå, men dersom du er forelder til elevar i kulturskulen er du velkomen. Vi ønskjer lykke til med arrangementet.

God helg til dykk alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør