Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Kinn mot fattigdom

Husbanken arrangerte nyleg ein konferanse om kommunane sitt arbeid mot fattigdom generelt, barnefattigdom spesielt. Kinn var invitert til å seie noko om korleis vi arbeider, og gi døme på korleis vi prøver å løfte barnefamiliar ut av fattigdomen. Leiaren for bustadkontoret Gjermund Veka orienterte om Kinn sitt arbeid.

Vi er ikkje i mål, men tenestene våre jobbar godt. Gjermund informerte om innføringa av fritidserklæringa, og kommunestyret sitt vedtak om midlar til arbeidet framover. Vi viste til det gode arbeidet Frivilligsentralen gjer i samarbeid med blant andre NAV og KURS KF.

No vil vi satse på at fleire i kommunen jobbar saman for at familiane skal få høve til å søke startlån i Husbanken. Målet er at dei skal få ein god bustad, i eit godt nabolag - til ei utgift dei klarer. Det skal bustadkontoret i Kinn samkøyre.

I Kinn har til samen 27 barnefamiliar med totalt 49 barn fått lån eller finansieringsbevis på til saman 64,5 millionar kroner til å kjøpe bustad.

Det kan vi gjere fordi eit medvite kommunestyre sa ja til å auke låneramma til føremålet. Då kan vi halde fram det gode og viktige arbeidet.

Nye leiarar

Helga Husevåg er tilsett som leiar (tenesteleiar) i NAV. Helga bur på Husevågøy, men har kontorstad i Florø. Ho har ein periode vore tilsett som vikar for Inger Jorunn Årseth som har sagt opp stillinga si. Helga er sjukepleiar og har i tillegg ein bachelor i arbeids- og organisasjonspsykologi. Ho har også ein master i helsefremmande arbeid.

Ina Trengereid er tilsett i kommunal stilling som avdelingsleiar i NAV. Ina er sosionom og har lang erfaring frå NAV.

Wenche Olafsson er tilsett i statleg stilling som avdelingsleiar. Wenche er sjukepleiar, og har erfaring frå avdelingsleiarstilling i NAV Florø.

Anette Færestrand tek 3. mai til som tenesteleiar i Markegata 55 i Florø. Anette er sjukepleiar, og kjem frå stillinga som avdelingsleiar i miljøtenesta. Anette har også lang erfaring frå heimetenesta.

Eg ønskjer dei fire nye leiarane lukke til med nye utfordringar!

Frå 6 til 43 søkjarar

Då vi lyste etter sommarvikarar i reinhaldstenesta i fjor fekk vi 6 søknader. No er søknadsfristen ute for sommarvikarar i år. Vi har fått 43 søknader.

Kommunedagar

Kommunedag er der kommuneleiinga møtast. Rektoren, instistusjonsstyraren, styraren i barnehagen, brannsjefen, ja, kort sagt alle leiarane i kommunen. Grunna pandemien har det vore avgrensa høve til å møte leiarane fysisk etter mars 2020. Det er synd. Kinn var tre månader gamal då vi måtte stenge den. Det var jo då vi skulle bygge den.

Eg har snakka med ein del andre kommunedirektørar i samanslåingskommunar. Problemstillinga er den same. Vi fekk ikkje den tida vi skulle ha til å byggje den nye kommunen. Vi fekk ikkje den tida vi skulle sette oss ned å snakke om haldningar, normer og verdiar vi tar med oss inn i arbeidet. Å snakke om desse tilhøva er avgjerande for å bygge ein ny felles organisasjonskultur.

Difor er det avgjerande at vi sikrar dei møta vi må ha for å lime i hop organisasjonen. Kommunedagar er slike møte. Torsdag og i dag har gått med til leiarsamling. Med nærare 80 deltakarar kan det vere ei utfordring å få til dei gode gruppedrøftingane. I Teams fekk vi delt møtelyden inn i grupper, og i dei digitale grupperomma gjekk drøftingane godt. Leiarane kom med gode tilbakemeldingar om kva prosessar dei ser føre seg for å nå dei overordna måla for organisasjonen. Dei har også ei klar forventing om å få delta i prosessane.

I dag heldt rektor ved Flora ungdomsskule, Kari Vårdal eit innlegg om det å leie i ein situasjon med pandemi. Ho gjekk gjennom korleis leiarar og lærar løyser nye utfordringar innanfor blant anna undervisning, møteform, kommunikasjon med meir. Om korleis utfordringane for leiarar spenner seg i ei breidde frå korleis vi samtalar med foreldre til å forholde seg til vekslande rammevilkår frå Utdanningsdirektoratet.

Dette har kommunen generelt, og skulane spesielt, løyst på ein framifrå måte. Eg brukar på litt skjemt å seie at skulle dette vore gjennomført som ei reform, ville det tatt fleire år. Å leie og drive skule i ein pandemisk situasjon vart bestemt helga etter 12. mars 2020. De har løyst det på ein glimande måte. Til det beste for innbyggarane i Kinn kommune. Takk!

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør