Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Dei kommunale kontora er opna

Etter at styresmaktene kom med nye reglar og tilrådingar om blant anna heimekontor, har Kinn kommune no gått tilbake til det nivået vi hadde før påske.

Den nasjonale forskriftsendringa om heimekontor er oppheva. Difor opnar kontora våre med vanlege opningstider frå i dag av.

Opningstider på sentralbord og kontor er frå kl. 9.00 - 15.00.

NAV sine publikumskontor følgjer dei ordinære opningstidene frå neste veke.

Kjell-Arne Norgård ny kommuneoverlege

Kjell Arne Nordgård er tilsett som ny kommuneoverlege i kommunedirektør sin stab. Han tek til i stillinga 1. juni og vil arbeide tett saman med vår noverande kommuneoverlege Jan Helge Dale, fram til Jan Helge går av med pensjon i si kommunale stilling til nyttår.

Kjell Arne er frå Naustdal. Han har spesialistutdanning i allmennmedisin og samfunnsmedisin og har vore fastlege for Legegruppa SMS i Florø. Han har også vore rådgjevande lege i folkehelseavdelinga i Kinn kommune sidan 2013, der han har arbeidd med ulike oppgåver. Blant anna tilsynsmynde og rådgjevar i miljøretta helsevern for om lag halvparten av skulane og barnehagane i tidlegare Sogn og Fjordane. Han har og vore smittevernfagleg rådgjevar og prosjektleiar for interkommunal folkehelseoversikt der, og har fått nytta sin bakgrunn innan IT og systemutvikling.

Under koronapandemien har han hatt utvida rolle som smittevern- og medisinskfagleg rådgjevar for helsetenesta i Kinn kommune. Han har difor brei og variert erfaring frå arbeid som kommunal sakshandsamar og rådgjevar. Han har også jobba i fleire avdelingar i Helse Førde, samarbeidd og delteke i prosjekt på tvers av kommunegrenser og vore seniorrådgjevar i Helsedirektoratet.

Vi er svært nøgd med å ha fått på plass Kjell Arne og sikrar dermed kontinuitet og kompetanse på dette viktige fagområdet. Eg ønskjer Kjell Arne lukke til i den viktige stillinga.

Bemanningssentral

Første april starta helse og velferd i Kinn sitt første bemanningssenter. Lillian Frøyen er tilsett som leiar og bemanningskoordinator i senteret. Vi har tilsett to flinke og fleksible nyutdanna helsefagarbeidarar. Det er Anna Maria Tudor og Anna Økland. Dei kjenner godt til tenestene i helse og velferd fordi dei har vore i praksis og vore helsefaglærlingar i fleire av tenestene våre. Vi startar forsiktig med to tilsette for å innarbeide rutinar og for å få til godt samarbeid mellom senteret og tenestene.

Det blir leigd inn mykje (interne) vikarar ved sjukdom, i samband med ferieavvikling og i samband med brukarar som treng ekstra bemanning. Det vert brukt mykje ressursar til blant anna turnusplanar, tilsettingar og vikarinnleige. Det å effektivisere dette arbeidet, er ein føresetnad for å lukkast med både heiltidskultur og med eit bemanningssenter.

Forsking viser at organisasjonar som er prega av heiltidskultur er rimelegare å drifte, har mindre sjukefråvær og gir betre kvalitet på tenestene. Arbeidet med heiltidskultur i Kinn er ein del av den ordinære drifta, med definerte mål. Vi ønsker å komme der at heiltid blir oppfatta som det normale.

Det har vore ei utfordring at det er mangel på fleksibilitet hos vikarane. Få har i utgangspunktet vore villige til å ta vakter i andre tenesteområder enn der dei har sitt faste arbeidsforhold. Dette er noko vi ønsker å endre på gjennom etablering av eit senter. Fleire fleksible tilsette i 100% stilling vil bidra til å skape eit stabilt arbeidsmiljø med høg kompetanse, som igjen gir gode tenester til brukarane. Det at dei tilsette i tenesta veit at dei får ein person med den kompetansen dei søker, vil vere med å skape ro og stabilitet i miljøet. Det kan bidra til å redusere sjukefråværet, og då vil vi spare pengar.

Leiarutdanning

Helse- og velferdstenesta i Kinn startar frå hausten opp med høgskuleutdanning i leiing. Utdanninga går over fire semester med eksamen etter kvart semester, og gjev 30 studiepoeng. Heile utdanninga er 60 studiepoeng og går over åtte semester.

Kinn er vertskommune, og vi har invitert med leiarar frå Stad og Bremanger. Frå Stad er 13 med, og frå Bremanger to. Til saman er det 40 leiarar frå tenester innanfor helse og velferd som tek utdanninga. Høgskulen i Innlandet er fagleg ansvarleg og stiller med førelesarar.

Kinn har søkt og fått kr. 400 000,- i OU-midlar (organisasjonsutvikling) som dekkar utgiftene til første semester. Vidare vil vi få same sum til kvart semester.

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør