Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Kommunalsjef Ellen Jåvold til ny stilling i Ørsta kommune

I eit nettverksmøte i går orienterte kommunalsjef Ellen Jåvold om at ho har takka ja til ny stilling i Ørsta kommune.

Det er sjølvsagt leit at Ellen vel å slutte i Kinn kommune. Vi treng alle dei gode medarbeidarane vi har i kommuneorganisasjonen.

Ellen vil begynne i Ørsta etter sommarferien og blir då i Kinn fram til dess.

Arbeidet med å rekruttere ny kommunalsjef vil starte no, og målet er sjølvsagt å få til ei god overlapping mellom Ellen og ny kommunalsjef for sektoren.

Tre frå Kinn med i innspelsmøte til regjeringa

Regjeringa arbeider for tida med nye strategiar for korleis småbyar kan vere regionale kraftsenter, og ein eigen strategi for kyst og næringsutviklinga. Distriktsministeren inviterte 16 deltakarar frå Vestland fylke. Tre frå Kinn kommune deltok.

Randi Humborstad frå Måløy Vekst fokuserte på kva som skal til for at vi kan bli flinkare til å rekruttere til regionen. Statlege arbeidsplassar kan vere ei god løysing som også vil gi betre rammevilkår for utvikling av næringslivet. At vi har jobbar å tilby til andre, også utanfor det næringslivet sjølve treng.

Eg var innom korleis vi kan samordne både staten, fylket og kommunane sine planar slik at vi saman kan nå dei målsettingane vi har. Brukte Stad skipstunnel som eit døme der det kan bli eit statleg utviklingsprosjekt med forpliktande samarbeid mellom forvaltingsnivåa. Då blir tunellen også god miljø- og klimapolitikk, næringspolitikk og distriktspolitikk.

Marø Havbruk og Svanøy Røykeri var representert ved Elin Tveit Sveen og Gro Sveen. Dei var inne på kor viktig båtrutene er for bedriftene i distrikta. Sjølv om krafta vår er kortreist manglar vi infrastruktur. Det er for store kostnader for små og mellomstore bedrifter å bere dei kostnadane sjølve. Staten må bidra.

Nye tilsettingar

Oddgeir Nygård er tilsett som prosjektsjef. Det er ei nyoppretta stilling som skal ha ansvar for å koordinere, planlegge og leie det administrative arbeidet med kommunen sine større investeringar. Oddgeir tek til i jobben 3. mai. Oddgeir er utflytta Florøgut, som no kjem tilbake for å arbeide i kommunen. Han har all si arbeidserfaring frå privat næringsliv. Han har arbeidd med prosjekt og prosjektleiing i over 25 år innanfor offshorenæringa. I tillegg har han no dei siste åra arbeidd i oppdrettsnæringa, med utviklingsarbeid.

Anita Solbakken er tilsett som prosjektleiar i prosjektstaben. Ho tek til i jobben 1. juli. Prosjektstaben er samansett av fem prosjektleiarar. Fire arbeider i kommunen frå før, mens Anita er nytilsett for å styrke fagområdet. Anita kjenner vi som tidlegare kultursjef i Flora. Ho flytter no tilbake frå jobb i Bergen kommune. Anita har dei siste åra arbeidd med museumsspørsmål i Bergen kommune. Der har ho mellom anna hatt ei «bestillarrolle» for større investeringsprosjekt. Ho har arbeidd med brukarmedverknad og forankring av kva for løysingar som blir valde for kommunen sine investeringar. Dette vil vere viktig erfaring og kunnskap å ha med seg inn i vårt arbeid med investeringsprosjekta. Med Anita sin bakgrunn sikrar vi også eit mangfald i kompetanse og erfaring i prosjektstaben.

Vi er svært nøgde med å ha fått på plass to erfarne og dyktige medarbeidarar som skal arbeide med kommunen sine investeringsprosjekt.

Reiseliv

Det er tidlegare informert om at kommunen har inngått eit samarbeid med Måløy Vekst om å koordinere reiselivssatsinga mot den komande sommarsesongen. Det er grunn til å tru at sesongen kan bli minst like bra som i fjor. Denne veka var det møte med reiselivsaktørar i kommunen. Om lag 30 deltok. Det var eit positivt møte, som viser at næringa er motivert og klar til å ta imot gjestar.

La oss håpe og tru at det kan gi god inntening til næringa i sommar. Dei både treng og fortener det.

Vaksinering

Det går framover med vaksineringa mot Covid-19 i Kinn. Vi får no berre Pfizer vaksine, men ein auke i tal dosar. Det er varsla at vi kan få ein vidare auke i tal dosar framover.

Denne veka sette vi 658 dosar i Måløy. Her har alt kritisk helsepersonell no fått første dose. Elles er vi her komen langt ned i gruppa over 65 år. I veke 17 skal vi revaksinere dei som fekk første dose i veke 11, og vi reknar med at vi vert ferdig med gruppa over 65 år. Deretter vert risikogruppene vaksinert før vi begynner på dei som er under 65 år. Risikogruppene vil bli ringt til.

Vi får same tal doser i Florø neste veke. I løpet av veke 16 blir vi ferdig med å vaksinere kritisk helsepersonell med første dose.

I tillegg startar vi no med å vaksinere dei over 65 år. Samstundes vert dei som har alvorleg kronisk sjukdom vaksinert. Den gruppa vert ringt til. Dei andre må bestille time på nettet etter kvart som timane vert lagt ut.

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør