Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Omorganisering av kjøkentenesta held fram

Eit av innsparingstiltaka som vart vedtatt etter samarbeidsprosjektet med Agenda Kaupang (AK), var å redusere frå to til eitt sentralkjøken. Kjøkenet i Måløy vil då bli eit mottakskjøken, med ansvar for mottak og utlevering av tørrmat og middagar til institusjon og heildøgnsomsorgs-bustader (HDO).

I økonomiplanen la vi inn ei innsparing på 0,9 millionar i år.

Som ei kvalitetssikring av AK-rapporten bestilte vi ei økonomisk analyse frå PwC. Vi spurte etter forventa innsparingar ved omorganiseringa.

PwC si analyse viser:

  1. Lågare faste kostnader per produserte måltid ved å samlokalisere produksjonen
  2. Det vil bli ei betre og meir effektiv utnytting av personell
  3. Det vert lågare kostnad for Kinn kommune sett under eitt
  4. PwC finn at vi kan spare om lag 1,8 mill. årleg på å samle all matproduksjon hos Bordgleder KF.

Arbeidet med å omorganisere kjøkentenesta held fram slik kommunestyret vedtok. Dei tilsette i tenesta er informert. I går orienterte eg også kommunestyret.

Måløy legekontor

Alt helsepersonell er no under press. Det gjeld også legekontora våre. Vi er sårbare når nokon sluttar, går ut i ordinære permisjonar, eller blir sjukemelde. I tillegg til å ta seg av pasientlistene, skal legane stå i pandemien. I Måløy har dei køyrd kveldsklinikk for å ta unna ventelistene.

Ved legekontoret i Måløy har dei no ein situasjon som gjer til at eg har godkjend innleige av lege frå vikarbyrå fram til sommaren. Ein lege vi kan kople til daglegvakt og luftvegklinikk. Då kan dei andre legane få meir tid til pasientane på listene sine.

Samstundes som vi leiger inn ein lege vil vi rekruttere etter lege på vanleg vis.

Heimekontor i kommunen

Tidlegare i veka kom det nye nasjonale føringar og tiltak mot pandemien. Innføring av heimekontor var eitt av dei. Det betyr at også Kinn kommune har innført det. Sjølv om smittesituasjonen vår tilseier at vi kunne vore på våre faste plassar. I teksten stod det at arbeidsgjevar skal sørge for at ansatte jobber hjemmefra på alle arbeidsplasser det er praktisk mulig. Du treng ikkje lang tid på å vurdere kva dei meiner.

Sjølv om kontora difor er stengde vil vi vere tilgjengeleg på telefon, og sentralbordet vil vere operativt i dei normale opningstidene. Vi har også ein plan for å ha ope sentralbord i påska om situasjonen krev det. NAV-kontoret vil også vere stengd for publikum til over påske. Då vil vi ta ei ny vurdering på det. Innbyggarar som har behov for å kontakte NAV, kan ringe eller nytte den kontaktinformasjonen som de finn på heimesida vår.

God påske

Landet har vore stengt ned i over eitt år no. Vi stengde rett før påska i fjor. Vi var usikre på mykje. Vi er meir opplyste om fleire sider ved pandemien no, enn då. Vi går likevel inn i påska utan at vi er komen i mål. Nokre er vaksinerte, andre ikkje. Nokre har hatt Covid 19, andre ikkje. For nokre kjem den nærare husnova enn andre. Inntil alle er vaksinerte, vil vel det usikre halde fram.

Påska skal jo vere ei tid med fråvær frå arbeid, avslapping, skigåing, appelsiner og munnsår. Kan hende opplever vi noko av det. Men, å invitere fleire til hyggeleg lag og middag med lammelår? Nei, det må vi vente med!

Om alle er flinke til å følgje dei reglane som no gjeld, tør vi håpe at det kan bidra til å korte ned tida med pandemi, ikkje minst å hindre at fleire vert smitta. Vi får gjere vårt!

Med ønskje om ei god påske til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør