Vi kunne vaksinert langt fleire
No er det vaksinert over 400 innbyggarar i Florø. Dei over 85 år har fått si andre vaksinering. Dei over 75 år har fått si første.
Alle desse har fått sin vaksine på legegruppa på Sunnfjord Medisinske Senter i løpet av onsdag og torsdag, og det har fungert godt både med elektronisk timebestilling og gjennomføring av vaksinasjonen.
I neste veke vil all vaksine gå til Måløy. Då vil dei over 85 år få dose 2. Vi byrjar også å vaksinere tilsette med AstraZeneca.
Vaksinasjonen er intensiv og går over få dagar. Det er fordi vaksinen har kort haldbarheit.
Om ei vekes tid vil flesteparten av pasientar og bebuarar på alle institusjonane i Kinn vere fullvaksinerte. Om tre veker (frå veke 10) kan vi endre besøksrutinane, og opne opp institusjonane igjen.
Difor viktig å rette ein stor takk til alle tilsette på legesenter og i sektoren elles som endrar arbeidsoppgåver på kort varsel og prioriterer vaksinasjon.
Vi vil peike på at vi kunne vaksinert langt fleire per veke om vi hadde fått tildelt fleire vaksinedosar. Vi er rigga for det no.
Kinn attraktiv som arbeidsgjevar?
I perioden frå februar i fjor til same månad i år har vi mottatt 965 søknader på ulike stillingar. Det meiner vi er eit høgt tal med tanke på kor få stillingar vi eigentleg har tilsett i. Nokre av søkarane har rett nok søkt fleire stillingar, men vi ser at det er interesse for utlysingane våre. Vi opplever spesielt god respons på utlysingar innan plan og miljø, tekniske tenester og ingeniørrelaterte fag.
Vi har lyst ut stillingar som prosjektsjef og prosjektleiar. Der har det så langt meldt seg 36 søkjarar. 15 av dei vil bli prosjektsjef og 21 vil bli prosjektleiar. Det syns vi sjølvsagt er gledeleg. Det stadfestar og trenden frå det første driftsåret til Kinn.
Over 100 deltakarar på opplæring i Teams
Onsdag denne veka gjennomførte vi opplæring i Teams. Det er Microsoft si programvare for samarbeid og kommunikasjon. Verktøyet skal hjelpe oss med å arbeide på nye måtar i Kinn. Skal vi oppnå den effektiviseringa og gevinstane som ligg i planane våre, treng vi slike nye hjelpemiddel. I løpet av våren skal alle ha innføring i Teams. Denne gongen var det tenesteleiarar, stabsmedarbeidarar og fleire som var målgruppa. Vi har allereie plukka ut fleire superbrukarar. Det er eigne tilsette som skal lære opp og hjelpe oss andre i organisasjonen.
Det er kjekt å registrere tilbakemeldingane frå kursdeltakarane. "Nyttig og lærerikt", "beste kommunedagen i år" og "knallbra" er nokre av meldingane som ligg i meldingsboksen etter kurset.
Vi held fram innføring og opplæring utover våren.
God helg!
Terje Heggheim
Kommunedirektør