Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

No har du tilgang til tusenvis av tidsskrift og aviser

Som innbyggar i Kinn kommune og Vestland fylke har du no tilgang til over 7000 aviser og tidsskrift frå heile verda. Du treng appen Pressreader.

For å få tilgang til appen på mobil og nettbrett, må du laste ned Pressreader og kople deg på nettverket på biblioteket. Deretter har du full tilgang til PressReader i 7 dagar – du må altså innom biblioteket kvar 7. dag for å få oppdatert tilgangen. Grunna korona er denne tilgangen mellombels utvida til 60 dagar om gongen.

Då kan du lese all tekst i over 7000 tidsskrift og aviser frå heile verda. Det meiner vi er eit særs godt tilbod til alle, og kanskje spesielt til utanlandske bibliotekbrukarar, som arbeidsinnvandrarar og flyktningar.

I tillegg inneheld tenesta ei rekke norske aviser som Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende med fleire. Slik vert dei store riks- og regionavisene tilgjengeleg for deg, og slik vert dei tilgjengeleg for biblioteka våre som elles måtte prioritere økonomien for å ha dei som eit tilbod til brukarane.

Eit flott tilbod som vi takkar Vestland fylkeskommune for.

Vegvedlikehaldet

Som dei fleste andre kommunar på Vestlandet har vi hatt store utfordringar med vedlikehald av vegane, spesielt etter det siste snøfallet. Det kom meir snø enn vanleg.

Alle maskinene våre og mannskapet har vore i drift bortimot døgnet rundt. Det har gått i fresing og fjerning av brøytekantar, høvling av is og snø og sandstrøing. I tillegg til eige mannskap og innleigde entreprenørar, har vi leigd inn og auka kapasiteten ved kjøp av tenester. Også utover dei vi har faste avtalar med.

Sjølv om mildværet kom, smeltar isen seint. Det kjem av tele i bakken.

Heldigvis har vi ikkje hatt uhell i form av utforkøyring og liknande.

Vi får litt pryl på sosiale media, ikkje berre litt. Vi kan forstå forventingane blant innbyggarane i Kinn. Denne gangen rakk vi ikkje over alt på så kort tid at vi unngjekk problema. Vi veit at dette har vore eit felles problem for dei fleste kommunane i fylket.

Eg vil likevel rose både eigne mannskap og dei vi har leigd inn for jobben de har gjort. De har sanneleg stått på, og takk for det!

30 nye plassar ved Solbakken asylmottak

Før jul fekk vi ein førespurnad frå Utlendingsdirektoratet (UDI) om vi kunne auke talet på asylantar ved Solbakken i Florø med 30 nye. Vi har nytta tida til å vurdere førespurnaden og kome fram til at det skal vi klare. Så frå 15. januar har vi avtale med UDI om å ha 150 + 30 plassar. Det er ei gladsak for kommunen.

For det første kan vi hjelpe fleire som treng det. For det andre utløyser det kommunal aktivitet. Eit tredje tilhøve går på at vi må sjå UDI sin førespurnad som uttrykk for tillit for måten vi driv denne verksemda på. Så då tenker vi både KURS (Kinn utdannings- og ressurssenter) og bustadkontoret med fleire skal ha ros for måten dei har tatt denne utfordringa på.

Få besøk!

Vi lanserer endå eit tilbod til vaksne over 55 år i Kinn. Vi gjer det for å fremje aktivitet og fellesskap for eldre. Vi kallar det Få besøk. Prosjektet er del av Leve heile livet-satsinga til kommunen. Tilbodet er retta hovudsakleg mot vaksne frå 55 år og oppover, og handlar om å kople deg opp mot ein frivillig person. De kan til dømes treffast ein gong i veka, gå tur, eller dra på ope-hus-aktivitetar. Kanskje du vil lytte til musikk i lag med nokon, eller lese? Du bestemmer det sjølv!

Forsking viser at sosial isolasjon gjev større fare for helseutfordringar. Fleire kontaktpunkt i løpet av veka fremmar gode psykososiale forhold. Situasjonen med Covid-19 har for mange lagt ein dempar på møte mellom oss, og særleg eldre er utsatt for sosial isolasjon. Det treng då ikkje vere slik.

Vi treng frivillige som kan besøke. Registrer deg på Florø og Måløy frivilligsentral sine nettsider om du vil bidra! Det er opp til deg sjølv kor ofte du kan bidra som frivillig, men vi treng kvarandre no. Blir du med?


God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør