Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Kinn vil gå tilbake til normal drift ved ungdomsskulane frå 20. januar

Frå 4. januar har ungdomsskulane vore drifta på raudt nivå. Det vil gjelde til og med 19. januar. Regjeringa kom med dette som ei sterk tilråding, men inga forskrift. Det er varsla ny pressekonferanse førstkomande måndag om kva som gjeld frå 20. januar.

Beredskapsleiinga i Kinn har vurdert situasjonen og kome fram til at dersom ikkje regjeringa kjem med tiltak heimla i forskrift, vil ungdomsskulane i Kinn bli opna for normal drift frå 20 januar. Det er ei vurdering av eigen smittesituasjon som leiar oss til denne konklusjonen.

Det betyr at vi frå 20. januar går tilbake til reglane vi følgde før 4. januar. Det same vil gjelde for idrettshallar og aktivitetar for born og unge – som også vil bli opna igjen.

Dette er meint som ei varsling, og vi vil stadfeste det i eiga melding etter regjeringa sin pressekonferanse måndag.

Hugs hygiene og avstand!

Nøgde brukarar av omsorgstenestene i Kinn

Det har vore gjennomført ei stor undersøking blant brukarar av heimetenestene, bu -og miljøtenestene og institusjonane i Kinn. Heile 227 brukarar har vore intervjua. Funna i undersøkinga syner jamt over særs gode resultat. Dei opplever å bli behandla høfleg og med respekt. Dei tilsette er omsorgsfulle, og det er høg grad av trivsel hos brukarane våre. Ein viktig indikator som oppleving av tryggheit syner svært gode funn i både Måløy og Florø. Undersøkinga syner òg område vi må jobbe for ei kvalitetsheving, blant anna korleis vi sikrar tenester og rettar. Det er bra å få brukarane sine innspel på kva vi må bli betre på.

Vi vil takke alle som har bidratt i undersøkinga. Spesielt brukarane som har deltatt, tenestene, elevane ved Flora vidaregåande skule VG2 helsefagarbeidarar og frivilligsentralen i Måløy.

Rapporten frå undersøkinga vert lagt ut på heimesida vår.

Takk til lønsavdelinga

Det er fire tilsette på lønsavdelinga i Kinn. Når éin er ute av drift kan det bli tøft å sikre at løna går som planlagt til 1 600 tilsette. Det har dei likevel klart – og på ein framifrå måte. Dei har bretta opp ermene og kasta seg ut i oppgåver gjerne andre i avdelinga har ansvaret for. Å ha ei så lita avdeling fortel at vi kan vere sårbare når fleire vert sjuke samstundes. Det veit vi, og er ein risiko vi må planlegge med. Det kjekke er likevel at vi har tilsette som uredd hiv seg inn i nye utfordringar og løyser oppgåver på ein god måte. Alle vi andre mottar løna som vanleg, utan å vite om den enorme innsatsen som ligg bak. På vegner av oss alle – tusen takk!

Arbeidet med Stad skipstunell startar

Onsdag var det møte mellom kommunane Vanylven, Stad og Kinn, Kystverket og Måløy Vekst og Vanylven Utvikling. Vestland fylkeskommune tok også del i møtet. Temaet var oppstart med tunellarbeidet. Den vil etter planen opne for trafikk i 2025 eller 2026. Den første sprengsalva kan kome på slutten av året vi nett har byrja på. Det betyr at i år vil det bli planlagt mykje. Det vil gjelde dei involverte kommunane også. Det er enorme mengder med steinmassar som vert tilgjengeleg. Her kan kommunar som har behov for masse melde sine interesser. Kinn har allereie spelt inn nokre (9) aktuelle lokasjonar der vi har behov for masse. Kartlegginga er ikkje ferdig, vi kan kome med fleire i tida som kjem. Her vart vi samde om at planavdelingane i kommunane alt no startar eit samarbeid.

For kommunane vil det vere viktig å utvikle samferdsletilbodet når tunellen står klar. Kinn spelte difor inn at vi alt no startar arbeidet med å planlegge for at sambandet vert utvida nordover til og frå Ålesund. Her vil det vere viktig å kople på dei to aktuelle fylkeskommunane. Spesielt Vestland som i desse dagar arbeider med det nye båtruteanbodet som skal gjelde fram til 2036. Vi følgjer spesielt opp dette.

Ordførarane vil avtale nye møter.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør