Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Godt nytt år!

Godt nytt år til alle i Kinn. Så fekk vi den starten på nyåret som vi fekk. Nye restriksjonar og fleire tiltak mot Covid-19. Det vil ikkje ta slutt. Vi har starta vaksineringa og vi får håpe det kan vere det første steget i pandemien sin siste etappe – sjølv om den kan bli noko lang. Eg håper i alle fall vi kan få ein normal sommar. Det treng vi no.

Midlar til datahjelp for innbyggarar i Kinn

Vi har søkt om, og fått tildelt, 65 000 kroner som vi skal bruke til datahjelp for vaksne og eldre innbyggarar i Kinn kommune.

Vi ser at informasjon og tenester i offentleg sektor vert meir og meir digitalisert. Som kommune har vi eit ansvar for å gje digital kompetanse til innbyggjarane. Særskild gjeld det å gje kompetanse på dei digitale plattformene det offentlege tilbyr. Vi vil skape ein møteplass kvar månad der temaet er digitale løysingar. Brukarmedverknad og universell utforming blir grunnleggjande stolpar for å opparbeide dette tilbodet. Helse og omsorg er ansvarleg for prosjektet som er er ein del av Leve heile livet. Det vil skje i samarbeid mellom kultur og fritid, bibliotek, ungdomsskule og vidaregåande skule. 

Vi vil gje opplæring blant anna i tenester knytt til HelseNorge, videokonsultasjon med lege, digipost, nettbank, biblioteka sine nettbaserte tilbod, digitale løysingar for pårørande med meir.

Resten av januar skal vi bruke til å planlegge eit opplegg. Så kjem vi med meir informasjon om sjølve gjennomføringa. Vi håper sjølvsagt at mange nok innbyggarar finn tilbodet interessant og ønskjer å delta.

Microsoft 365

Den 4. desember melde eg at vi har tatt i bruk Teams til videomøte i Kinn. Det ser ut til å virke bra ut frå dei tilbakemeldingane eg har fått så langt. Eg veit mange ser potensialet som ligg i bruk av heile M365 som verktøy. Oppvekstsektoren har nytta M365 sidan 2017 og har tatt ut mengder av dei mogelegheitene som ligg der. Resten av kommunen skal òg komme dit, men vi må gjere det på planlagt og kontrollert vis.

Det er eit mål at vi skal «flytte inn» i Microsoft 365 på ein måte som fører organisasjonen inn i nye og tidrette måtar å jobbe og samhandle på. Det er sett ned ei prosjektgruppe som skal samarbeide med ekstern kompetanse som har lang erfaring på feltet. Det er i hovudsak 3 fokusområde vi skal ha framover våren:

  1. Finne gode løysingar for bygging av strukturar og funksjonar i M365
  2. Lage gode og intuitive arbeidsflater/brukargrensesnitt for dei tilsette
  3. Gjennomføre opplæring slik at vi blir komfortable med verktøy og arbeidsmåtar

Når vi då nærmar oss sommaren skal vi kunne vere både betre kjent med og fått under huda det nye verktøyet. Følg med!

Skram skule

Det er no etablert ei administrativ arbeidsgruppe leia av bygg og eigedom med deltakarar frå skulen og tilsette. Denne gruppa skal drive det administrative arbeidet framover i samsvar med dei vedtaka som er gjort av kommunestyret. Alt ligg no til rette for gjennomføring av eit godt prosjekt.

Samarbeid om kvalitetsforbetring i byggesakshandsaminga

Tidlegare Flora kommune gjorde eit betydeleg arbeid med å lage system for kvalitet og effektivisering innanfor byggesak. Den kunnskapen, og erfaringane som Kinn no sit på, har vi også delt med dei andre kommunane i Nordfjord. Gjennom slik deling av rutinar og oppgåver får vi til eit samarbeid der vi alle lærer. Det er samarbeid med vinn-vinn, og som vi håper kan bidra til å utvikle heile regionen vår.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør