Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Øyvind Bang-Olsen vert ny plansjef

Øyvind Bang-Olsen er tilsett som ny plansjef i Kinn kommune. Øyvind kjem frå jobben som kommunalsjef for teknikk og miljø i Sunnfjord kommune. Øyvind har tidlegare arbeidd med planlegging i Flora kommune. Han har vore ute ein del år og har i den tida mellom anna vore dagleg leiar i Sunnfjord 2020 (no Aksello) og rådmann i Naustdal. Vi er no svært glade for at Øyvind kjem tilbake til Kinn, og ser fram til at han skal bidra med sin kompetanse og erfaring inn i eit allereie godt planmiljø.

Dette vil vere ei ytterlegare styrking av vårt arbeid med å byggje opp eit planmiljø som vil utgjere ein forskjell i utviklinga på kysten. Velkomen og lukke til med nye utfordringar, Øyvind!

Gro Hovland vert styrar i nye Nepjarhaugen barnehage

Gro Hovland er tilsett som styrar i den nye barnehagen i Florø sentrum. I dag er ho styrar i Nyheimsvegen barnehage. I tida fram til den nye barnehagen står ferdig, vil ho ha delar av stillinga si knytt til prosjektet ny barnehage. Det prosjektet handlar om å slå saman tre barnehagar til ein, og treng eiga prosjektleiing. Vi gratulerer og ønskjer Gro lukke til med spennande utfordringar.

Breiband

I november inviterte vi leverandørane til ein leverandørkonferanse (kreative kjøp) via Doffin. Konferansen var todelt og vel utført. Denne konkurransen har gitt oss eit godt grunnlag til å gje innbyggarane i Kinn ei god breibandsdekning til ein vesentleg lågare pris enn den tradisjonelle måten å gjennomføre slike prosessar på.

Fleire grendelag har sendt innspel om breibandbehovet i deira områder. Innspela har vore og vil vere viktige i fortsettinga av kommunen sin vidare prosess. Kinn kommune vil fortsette samarbeidet med grendelaga for utbygging av breiband.

Kommunedirektøren skal legge fram ei sak til politisk handsaming i februar/mars 2021. Der skal vi presentere prosjektforslaga for breibandutbygging i forskjellige områder i Kinn kommune, med mogleg tekniske løysingar, framdrift og kostnadskalkyle.

Kinn invitert med i SINTEF-prosjekt

Kinn kommune har fått førespurnad om å ta del i eit forskingsprosjekt som skal sjå på utviklingsindikatorar for klimatilpassing. For det første er det snakk om indikatorar som handlar om sjølve klimatilpassinga. Det andre handlar om økonomiske indikatorar for klimatilpassinga. Det overordna målet er å kunne utvikle eit verktøy som måler innsats og forbetring over tid. På sikt vil det også vere noko som vi kan bruke til å samanlikne kommunar. Dei økonomiske indikatorane vil truleg fortelje meir om korleis tidleg innsats i form av førebyggande vedlikehald kan spare kommunane for kostnader på sikt. Det same vil gjelde for nye prosjekt og korleis vi tenker smart og klimavenleg, og kva vi kan spare på gode løysingar generelt.

Vi tenker å svare ja til denne invitasjonen. Vi ser blant anna at denne måten å tenke på samsvarer godt med korleis vi har bygd opp struktur og mål, frå kommuneplanen sin samfunnsdel og nedover. Dette gjeld spesielt i høve korleis vi arbeider i høve til FN sine bærekraftsmål.

Neste veke

Måndag er det møte i leiargruppa. Tysdag er fylkesstyret i KS Vestland samla. Torsdag deltaking i koordinereringsrådet til Helse Førde.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør