Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Leve heile livet – i Kinn

Dei fleste veit at vi tidlegare i veka vart kåra til Noregs «Leve heile livet»-kommune i 2020. Det er grunn til å gratulere alle som har gjort det mogeleg. Vi hadde kommunedag med over 60 leiarar som følgde direktesendinga frå Oslo og Bergen. Vi vart alle stolte over tildelinga.

I takketalen kom ordførar Ola Teigen inn på kva dette betyr for ein 11 månader gamal kommune. Det er eg heilt samd i. Det betyr mykje. Det er alt skrive mykje om dette, men eg syns det kjekt å få helsingar frå heile landet. Ei stadfesting på at vi blir sett. Verdighetssenteret som er eit nasjonalt kompetansesenter for eldreomsorg skriv; det er helt fantastisk og så fortjent. Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester Vestland held fram; de har jobba systematisk og målretta over fleire år, og tek aktivitet, kultur og helse på alvor. MinMemoria som er leverandør av system for omsorg og kommunikasjon; De er faglig dyktig, stadig i utvikling og har et bevisst fokus på personsentrert omsorg. Eg kunne nemnd fleire. Det er så kjekt!

Det er har alt laga ei heimeside som fortel om korleis vi arbeider på feltet. I tillegg er det fleire som har varsla at dei ønskjer å besøke oss når situasjonen tillet det. Dei vil sjå nærare på modellen vår. Vi skal ta godt i mot dei, og til dess; takk og gratulerer så mykje til dykk alle som står på kvar einaste dag – for at Kinn skal vere ein god kommune å bu i!

Sjukefråværet ned

Sjukefråværet for 3. kvartal 2020, var på 7 prosent i Kinn. Det ser ut som at Covid-19 har hatt liten påverknad på sjukefråværet. Spesielt gledeleg at fråværet i helse og velferd har gått ned i heile år. I førre kvartal var det samla sjukefråværet i Kinn kommune 7,4 prosent.

Personalavdelinga

Personalavdelinga er snart i mål med alle personalreglementa, med skjema og rutinar. HMS og internkontroll får fokus framover.

Avdelinga oppmodar alle om å vere aktiv på kommunen sine heimesider. Der ligg mykje god informasjon om alt dette, og oversikt over ledige stillingar.

Vi har mange 25-år jubilantar, som vil få si merksemd før jul.

Microsoft 365

Kinn kommune skal ta i bruk Microsoft 365 (M365) som eit nytt skybasert arbeids- og kommunikasjonsverktøy i samarbeid med alle dei andre kommunane i IKT-samarbeidet i Nordfjordnett. Planlegging mellom kommunane er i gang, og vi avklarar kva som skal vere felles og kva som skal vere den enkelte kommune sitt arbeid med innføringa.

Kinn er i ein planleggingsfase no ved utgangen av 2020, og gjennomføringsfasen startar i januar 2021. Prosjektet er planlagt avslutta i september 2021, og vi har etablert ei arbeidsgruppe for prosjektet.

Det er eit mål at vi skal «flytte inn» i Microsoft 365 på ein måte som fører organisasjonen inn i nye og tidrette måtar å jobbe og samhandle på. Vi vil hjelpe brukargruppene med strukturar og opplæring, slik at dei er komfortable med verktøy og arbeidsmåtar.

Skype vert fasa ut som kommunikasjonssystem frå Microsoft si side, og i starten av desember vil dei som nytta Skype i kvardagen få tilgang til Microsoft Teams. Dette vil organisasjonen få god informasjon om frå Nordfjordnett.

Følg med! Dette blir spennande.

Neste veke

Måndag deltar eg i eit møte med fylkesmannen der han møter (digitalt) alle kommunane i Vestland.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør