Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

 

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Gratulerer Storevatn barnehage

Torsdag i førre veke kom stadfestinga om at det var påvist Covid-19 hjå eit barn i barnehagen. I dag, ei knapp veke seinare, er heile barnehagen friskmeld og driv som vanleg. Det er takka vere ein fantastisk innsats blant tenesta si leiing og tilsette.

I samarbeid med helsestellet har dei tilpassa drifta i perioden. Det vart også tidleg klart at barnehagen var godt budd i form av korleis dei har tenkt smittevern generelt, korleis dei har organisert barnehagen i grupper (kohortar), og ikkje minst; korleis dei har iverksett nye rutinar i ein slik situasjon.

Barnehagen har også vore flink til å ha oversyn over kven som har vore i kontakt med kvarandre. Det har vore viktig for arbeidet med smittesporing. I lag med helsestellet har dei innfridd fullt ut.

Eg er generelt stolt over dei kommunale tenestene i Kinn. Korleis Storevatn barnehage løyste denne utfordringa, gjer meg spesielt stolt. Tenk over korleis vi som innbyggarar opplever så godt arbeid. Takk og gratulerer!

Openheit om Agenda Kaupang-tiltaka

Så langt har vi nytta generelle overskrifter på tiltaka som blir utløyst av arbeidsgruppene og rapporten frå Agenda Kaupang. Det er først og fremst av omsyn til informasjon til tilsette.

Mange av tiltaka handlar om å gjere ting på andre måtar. Andre tiltak dreier seg om å flytte på, eller legge ned nokre av aktivitetane våre.

I går informerte vi dei tilsette på dei kommunale kjøkkena om eitt tiltak. I mitt framlegg til økonomiplan ligg det inne å slå saman dei to produksjonskjøkkena til eitt, lokalisert til Florø. I rapporten kan vi sjå at det er store summar å spare på det.

Vi vil måtte ha mottakfunksjonar lokalt, men produksjonen av mat skal skje på eitt kjøkken. Dette har ikkje kome godt fram i det som er sagt om økonomiplanen så langt. Enkelt og greitt fordi vi ikkje hadde informert dei tilsette. Det gjorde vi overfor dei tilsette på kjøkkenet i Måløy i går.

Vi vil også flytte mottakskjøkkenet på Furuhaugane omsorgssenter opp på avdelingane. Det vil gi innsparing og effektivisering. Vi orienterte dei tilsette på Furuhaugane i går kveld.

Det vert lagt opp til at Bordgleder KF skal produsere all mat i Kinn kommune.

Dette vil sjølvsagt gå utover arbeidsplassar og tilsette vil bli råka. Vi har reglar, og skal følgje reglane som gjeld for korleis vi skal handtere ein slik situasjon. Dei tilsette sine rettar skal bli ivaretekne.

Dersom kommunestyret vel å følgje tilrådinga vil vi så snart som råd organisere det vidare arbeidet som eit prosjekt. Der vil dei tilsette vere med, også dei på kjøkkena. Det vil ikkje bli stillingar til alle innanfor kjøkkentenesta, og nokon må over i andre stillingar. Då skal vi følgje reglane som gjeld for overtallige.

Vi må også vere budd på at tiltaket medfører kostnader i form av tilrettelegging for mottak av mat, kjølerom og oppvarmingskjøken. Det må prosjektet vidare kome inn på.

Agenda Kaupang-rapporten er no tilgjengeleg

Så langt er det analysedelen av Agenda Kaupang-rapporten som har vore tilgjengeleg. No vert også alle tiltaka kjende. Fullstendig rapport vert difor lagt på Kinn kommune sine heimesider i ettermiddag. Den vert lagt som sak under aktuelt og kommunedirektøren sitt utkast til handlingsprogram og økonomiplan 2021-2024.

Kvifor vi har venta med å offentleggjere alle tiltaka kjem fram i det eg har skrive ovanfor om å informere dei tilsette først.

Neste veke

Måndag deltar ordføraren og eg saman med andre i Nordfjord og Sunnfjord på møte om blant anna framtidig regionsamarbeid. Tysdag er det møte i politiske utval. Onsdag er det kommunedag med alle tenesteleiarane. Torsdag startar forhandlingane om Bryggja. Fredag er det møte i Samarbeid i Sunnfjord.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør