Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Pengar til eldreføremål i Kinn

Måndag fekk vi ei gladmelding frå fylkesmannen. 
Vi får 1,5 million kroner til aktivitetstilbod og ulike tiltak som skal betre kvardagen for dei eldre i Kinn. For det første får vi ein million kroner til eit tiltak som går på auka aktivitetar på institusjon, musikkterapi og det å minske einsemda. 

Deretter får vi 500 000 kroner til arbeid som er enda meir spissa mot det å redusere einsemda for mange av dei eldre brukarane våre. Eit av tiltaka her gjeld blant anna midlar til transportstøtte. Generelle omgrep i arbeidet vårt handlar om å møte mellom menneska. 

Vi søkte om midlar i hard konkurranse med mange andre kommunar. Vi vel å tru at når vi får så mykje midlar til desse tiltaka, så handlar det om at vi har levert gode søknader. Så takk til dei som har jobba godt for at vi skal gi betre tenester til desse gruppene i Kinn.

Fylkeskommunen inviterer til samarbeid

Vestland fylkeskommune er godt i gang med Utviklingsplan for Vestland. Vi kan samanlikne planen med vår eigen planstrategi og arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Tidlegare i veka deltok eg i møte med fylkesmannen, fylkeskommunen, KS og mange kommunar i fylket. 

Fylkesordføraren viste til at fylket aldri vil klare å nå sine målsettingar for kva dei vil med det nye fylket, utan eit godt samarbeid med kommunane. 

Det gjev oss eit høve til å sjå våre eigne planar i samanheng med fylkeskommunen sine. Eg meiner dei planane vi no arbeider med i Kinn, på mange område, samsvarer med kva fylkeskommunen tenker. Det gjeld attraktive buområde, legge til rette for næringslivet, utdanning og ikkje minst for vår del; ei satsing på kysten. 

Så her gjeld det å kople oss opp mot arbeidet i fylket og takke ja til invitasjonen frå fylkesordføraren, folkevalde så vel som vi i administrasjonen.

Når staten vil endre

Frå neste år overtek staten oppgåva med å dele ut midlar til trussamfunna. Det har kommunane gjort så langt. I statsbudsjettet seier dei at årsaka til at dei vil overta oppgåva, er at det ikkje ligg noko skjønsutøving til den. Det betyr at vi ikkje treng å vurdere før vi utbetaler midlane til mottakarane. Det kan vere rett. Dei vert fordelt etter medlemstal. Det er likevel ikkje slik at det er robotar i kommunen som har gjort denne jobben. Vi og andre kommunar har nytta tilsette til det. 

Når staten tek over oppgåver frå kommunane, overfører dei mindre pengar til oss. I 2019 tildelte vi 840 000 kroner til trussamfunna. No vil staten trekke oss 1,5 millionar. Då tapar vi pengar. I nye Sunnfjord kommune taper dei 600 000 kroner og i Stord det same. 

For nokre år sidan overtok vi oppgåva med vigsling. Då fekk vi ei auke i overføringa frå staten på heile 4 000 kroner i året. Det er vel det vi har brukt på stearinlys så langt. Eg meiner difor at uansett om staten tek, eller overfører oppgåver til kommunane, så endar det med at kommunane taper økonomisk. Er det greitt?

Utlysing av plansjefstillinga

Eg har tidlegare skrive om endringar innan byggesak og planavdelinga. No lyser vi ut stillinga som plansjef i Kinn. Eg håper vi får mange kvalifiserte søkarar, og eg trur vi får nettopp det. Utlysinga kjem i lokalavisene og vert sjølvsagt lagt ut på heimesida vår. 

Møte med KLP for dei som nærmar seg pensjonsalderen

Denne veka arrangerte vi pensjonskurs for Kinn kommune sine KLP medlemmer. Onsdag i Florø og torsdag i Måløy. Mange møtte. Anders Austrheim frå KLP informerte og presenterte. På kinn.kommunetv.no finn du begge møta som filmar. Som oppfølging får alle tilsette, 60 år eller eldre, tilbod om individuell rettleiing. Er du i målgruppa og interessert? Kontakt informasjon og service i Florø eller Måløy og meld deg på. Det kan du gjere fram til komande tysdag.

Neste veke

Måndag er det møte i kommunedirektørgruppa. Det er også eit statusmøte med Agenda Kaupang. Tysdag og onsdag arbeider vi vidare med budsjettet. Torsdag er det møte i KS.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør