Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Ikkje mykje å hente i statsbudsjettet

Det er i hovudsak tre faktorar som virkar negativt for oss i statsbudsjettet.

For det første tapar vi pengar på at vi har nedgang i folketalet. Så lenge kronene følgjer folket, tapar vi ved negativ folketalsutvikling.

For det andre; i 2020 fekk vi sju millionar kroner av ei ordning om inntektsgaranti. Dei fell vekk neste år.

Det tredje går på at vi vert trekt 1,5 millionar kroner i skjønsmidlane.

Samla sett opplever vi då nye utfordringar med å sy i hop eit budsjett for dei neste åra.

Rekruttering av ny kommuneoverlege

Kommuneoverlege Jan Helge Dale har varsla at han vil gå av med pensjon i januar 2022.Vi vil starte arbeidet med å rekruttere ny kommuneoverlege no. Utlysinga skjer før jul.

Då får vi tid til ei god overlapping i løpet av 2021.

Dersom det er éin lærdom vi skal ta med oss frå det siste året; vi må i enda større grad sjå det medisinske fagfeltet i samanheng med korleis vi er som samfunn. Difor vil eg nytte situasjonen til å styrke den samla ressursen til det samfunnsmedisinske fagfeltet.

Det vil tene kommunen sin samla beredskap til å takle utfordringar som råkar oss.

Det tener rolla vår som vertskommune for det interkommunale folkehelsearbeidet.

Det viktigaste er; det vil tene innbyggarane i Kinn - som kan bli ein enda tryggare kommune å bu i.

Agenda Kaupang

I veka har tre ulike arbeidsgrupper jobba med korleis vi skal klare å spare pengar.

Gruppene speglar stort sett korleis vi er organisert. Oppvekst er ei gruppe, helse og sosial den andre, medan tekniske tenester og adminstrasjon er den tredje.

Eg veit det er jobba godt i gruppene. Takk for det!

Gruppene skal ha to møter til. Kan hende nokre av framlegga dei kjem med utfordrar kva vi ville med Kinn; intensjonsavtalen.

Til sjuande og sist er det eg som vurderer framlegga, når eg legg fram budsjettet for neste år, og økonomiplanen for åra som kjem.

Eg kan alt no seie; eg kjem med strukturtiltak.

Framlegg som handlar om kor vi har tenestene våre. Vi kan ikkje drive Kinn kommune utan å ta følgjene av kva som skjer.

Solheim skule vert overført til Brandsøy i 2021

Tidlegare i månaden deltok orføraren og eg på fleire møte i Norddalsfjorden. Barnetalet i grenda forsvarar ikkje eigen skule. Den vert overført til Brandsøy skule frå starten av neste skuleår.

Måten foreldra spelar inn sine interesser overfor kommunen på, burde vere eit førebilete for andre i liknande situasjonar.

Dei har eitt mål; kva er borna sitt beste! I så måte har dei kome med nokre ønskjer og krav.

Det handlar om at dei minste ikkje skal vente, korkje om morgonen eller om ettermiddagen. Det skal vi svare på. Timeplanen ved Brandsøy kan også bli utfordra. Eg opplever ein kommunalsjef for sektoren og rektor for skulen, som vil gjere det dei kan for å kome foreldra i møte.

Så lurer både grenda og kommunen på kva skuleanlegget skal brukast til i framtida. Vi har utfordra grenda på kva dei sjølve treng av samlingslokale. Eit så stort anlegg treng både driftsmidlar og sikre inntekter. Kinn kommune skal sjølvsagt bidra til ei løysing, men den må vere berekraftig.

Neste veke

Måndag og tysdag har kommunestyret arbeidsmøte. Måndag vanleg møte der dei handsamar saker. Tysdag arbeider dei med Framsikt og skulebruksplan. Tysdag deltek eg på eit KS-møte i Bergen. Resten av veka skal eg bruke til budsjettarbeid.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør