Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Arbeidet med nytt administrasjonsbygg i Florø held fram

I går vedtok formannskapet å halde fram arbeidet med nytt administrasjonsbygg i Florø. Gjennom eit vedtak i åtte punkt skisserer fleirtalet vegen vidare for prosjektet. 

Vi skal ta høgde for 155 arbeidsplassar i nytt bygg og målet er framleis at tiltaket skal vere sjølvfinansierande. Det betyr blant anna at andre kostnadar vi har i dag, skal finansiere det nye bygget. I reknestykket skal vi ta med oppdaterte tal for kva vi betaler i leige i dag, pluss andre husleigekostnader vi veit vi ville fått. Vi skal vise til innsparingseffekten som kjem i tillegg til husleigekostnader. Då snakkar vi om personell, straum, reinhald og andre driftskostnader.

Nye kalkylar skal vere oppdaterte med 2020 prisar. Det gjeld både garasjeanlegg og sjølve bygget. Vi kan vurdere utleige til andre og då vil det krevje areal som kjem utover dimensjoneringa for 155 arbeidsplassar. Arbeidet vi i administrasjonen legg fram skal vere kvalitetssikra av eksterne.

Vi tar fatt på arbeidet så snart kommunestyret eventuelt stadfestar det.

Endringar i plan og byggesak

Intensjonsavtalen for Kinn kommune seier at vi skal ha god og høg plankapasitet. I periodar har vi innfridd, men vi har óg sett at vi ikkje er gode nok. Då må vi ta grep. No gjer vi nokre endringar.

Ragnhild Skår, får ansvar for byggesakstilsyn og oppfølging av ulovlege tiltak. Denne stillinga har stått ubesatt ein periode, og vi har fått eit etterslepp på det feltet. Ragnhild er jurist med god erfaring på området. Då sikrar vi oss god kompetanse her.

Heidi Dyrøy går inn i stillinga som leiar for byggesak. Det vil vere ei reell styrking av den kapasiteten. Saman med dei andre på avdelinga rustar vi oss då betre til å handtere byggesaksforvaltninga i kommunen. Heidi vil også fungere som plansjef inntil vidare. Det er ikkje avgjort kva som skjer med stillinga som plansjef.

Anders Espeset som har arbeid med planlegging i mange år i kommunen går over til å arbeide med «park og grønt», underlagt teknisk sjef. Anders har mellom anna vore ansvarleg for opparbeiding av turstinettet i Brandsøyåsen i Florø. Sjølv om Anders går over i anna stilling vil vi fortsatt ha tilstrekkeleg med kapasitet og kompetanse til å arbeide med dei planane som det er bestemt at kommunen skal få på plass i løpet av dei neste åra.

Husbanken med gladmelding

I dag hadde kommuneleiinga møte med Husbanken. Kinn er ein av fleire program-kommunar. Det gir oss høve til eit tettare samarbeid med banken enn kommunar som ikkje er inne i programmet.

I samband med at vi byggjer 5 nye rom på Florø omsorgssenter, har vi søkt Husbanken om tilskot til tiltaket. I og med at vi har denne statusen har Husbanken vore med i planlegginga, saman med fylkesmannen frå byrjinga av. Det betyr at både rom og fellesareal er løyst i samarbeid mellom Kinn-tilsette og Husbanken sine eigne fagfolk. Det har gitt uttelling.

Dei siste kalkylene fortel om ein kostnad på om lag 10 millionar kroner. Det er 5 millionar meir enn vi har i eige budsjett. I dag melder Husbanken at dei støttar prosjektet med 55%. Då er finaniseringa i orden – og arbeidet kan starte.

Kinn-skiltinga på plass

Då er vi så godt som ferdig med å skilte bygga våre med rette eigennamn etter at vi vart ein ny kommune. Det er eit par objekt igjen, men stort sett er alt på plass. Vi har samarbeidd med A til Å i Florø og ASVO i Måløy om dette prosjektet. Takk for godt samarbeid.

Neste veke

I neste veke set ulike arbeidsgrupper seg ned for å peike på innsparingspotensiale som del av oppfølginga av Agenda Kaupang-rapporten. Det er også møte i det nye samferdsleutvalet. Så er det vel haustferie for dei som har høve til det. Nyt den!

 

God helg!

Terje Heggheim

Kommunedirektør