Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Besøk av kronprinsparet

Kronprinsparet besøkte Florø onsdag denne veka. Dei vart betre kjend med kommunen sine frivillige lag og organisasjonar, spesielt korleis dei arbeider under pandemien. Seniorkoret inviterte til allsong og eit utval lag og organisasjonar hadde eige møte med dei kongelege, og drøfta spesielle utfordringar.

På ungdomshuset Haffen møtte kronprinsen Flyt-leiarar i Kinn og Bremanger. Flyt-fondet er ein eigen organisasjon som kronprinsparet sjølve spelar ei sentral rolle i. Føremålet er blant anna å ha trygge overgangar frå ungdomskule til vidaregåande opplæring. På Haffen fekk kronprinsen òg møte det nyetablerte e-sportlaget i Florø. Siste post var ei orientering om og prøvetur med Evoy. Den nye elektriske båten med base i Florø.

Ordføraren og eg følgde med heile dagen. Vi gleda oss over kor flott alle representerte både Florø og den nye kommunen. Dei gode innslaga og dei gode samtalane. Takk til alle som bidrog til at dette vart ei flott oppleving. Spesielt takk til Jorunn Bakke Nydal som hjalp meg med å sy i hop og koordinere det meste av programmet. Dette gjekk veldig bra og tilbakemeldingane både frå fylkesmannen og slottet er kjekke å ta med vidare. Takk til dykk alle!

Skram skule – igjen!

Nettstaden Måløy 24 skreiv tidlegare i veka om Kinn sitt behov for å sjå nøye på investerings-prosjekta i kommunen. Dei har gjort eit godt arbeid med å ta utgangspunkt i tekstane som ligg blant anna i Framsikt. Der seier eg at vi er nøydde til å sjå på alle investeringane våre. Den trange Kinnøkonomien gjer til at vi må snu alle steinar – i alle prosjekt. Det stadfesta eg også i eit intervju med Måløy24. Det har enkelte tatt til inntekt for at arbeidet med Skram skule kan bli stoppa. Og det har vore skrive mykje om dette både i lokalavisene og i sosiale media.

Det er ikkje mi oppgåve som kommunedirektør å vere aktiv i den politiske debatten om Kinn kommune og kvart enkelt prosjekt vi held på med. Då ville eg rett og slett ikkje fått gjort jobben min. Du som les dette fredagsbrevet skal likevel vere klar over at arbeidet med Skram skule følgjer det siste kommunestyrevedtaket. Eg viser også til det eg skreiv i førre fredagsbrev. Vi følgjer framdrifta for prosjektet og eg har korkje opplysningar, grunnlag eller mynde til å gjere noko anna.

Nye digitale løysingar for byggesaker

Byggesaksavdelinga har denne veka hatt møte med byggebransjen i Florø og Måløy om nye digitale søknadsløysingar som bransjen og kommunen må ta i bruk frå 1. oktober. Nokre har alt tatt dei i bruk. Kommunen er ajour med ei mottaksløysing. Dei som har tatt det i bruk, ser «barnesjukdomar» i systema. Det ser byggje-saksavdelinga òg. Det vart difor semje på møta om at det er viktig med dialog i startfasen mellom føretaka og byggesaksavdelinga. Då kan vi saman og så snart som råd, melde problema til leverandørane av løysingane.

Varsellampene lyste ved Furuhaugane omsorgssenter (FO)

Det var ein særs spennande situasjon ved FO tidlegare i veka. Ein tilsett testa positivt på Covid 19. Vi kunne kome i ein situasjon vi har gjort alt for å unngå; å få smitte inn på ein av institusjonane våre. Dette er så alvorleg at vi faktisk har øvd på korleis vi skal handtere slike situasjonar.

Under øvinga vart alle rutinar nedskrivne og lagt inn i kvalitetssystemet Compilo. Då den skarpe situasjonen kom, fann vi fram igjen rutinane og følgde dei. På rekordtid vart 46 pasientar og 39 tilsette testa, og alle pårørande varsla. Alle prøvene var negative. Andre tiltak vart gjennomført og no er institusjonen stengt ut tilsvarande karantentetida; til tysdag morgon neste veke. Det har blitt mykje ros til kommuneoverlegen, leiinga og tilsette i helsesektoren i det siste. Det skulle berre mangle. Det hadde vore noko heilt anna å måtte nytte fredagsbrevet til å forklare kvifor alt gjekk gale. Takka vere ein fantastisk innsats frå dykk alle, gjekk dette bra – og vi er ei erfaring rikare.

Neste veke

Måndag er det møte i leiargruppa og seinare på dagen startar vi arbeidet med ein ekstern gjennomgang av Kinnøkonomien med Agenda Kaupang. Tysdag er det møte i Kystrådet. Onsdag er det møte i partnarskapen med NAV. Fredag startar vi budsjettmøte med tenesteleiarane i Kinn.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør