Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Ny tenesteleiar Kulatoppen

Tenesteleiar på institusjonen Kulatoppen, Margreet Maijer ynskjer no å gå av som tenesteleiar. Margreet vil jobbe vidare som sjukepleiar på dei heildøgnsbemanna omsorgsbustadane på Kulatoppen.

Tone Husevåg, som er tenesteleiar ved omsorgs- bustadane ved Kulatoppen, er no tilsett som tenesteleiar ved både bustadane og institusjonen. Tone tek til i jobben 1 .oktober. Tone er ein erfaren tenesteleiar og vi ynskjer ho lukke til med nye utfordringar.

Samferdslekonferanse

Tirsdag og onsdag deltok ordføraren og kommunalsjef for innovasjon og utvikling på samfedslekonferanse i Loen. Temaet var hovudsakleg Rv. 15 Måløy-Otta. Alle dei tre fylkestinga i Vestland, Innlandet og Møre og Romsdal har prioritert utbetring av Stynefjellet i sine innspel til NTP/Nasjonal transportplan, og denne semja vil vere viktig for å få realisert prosjektet.

For kommunane i Nordfjord og på Sunnmøre er Strynefjellet eit viktig aust-vest-samband, men er dessverre ein flaskehals pga. dårlege tunnelar og skredfare. Samarbeid på tvers av fylkesgrensene er avgjerande for arbeidet vidare. Vi må satse vidare på det.

Tilbod om fullkost i Markegata 55

Vi starter no opp med fullkost i dei heildøgnsbemanna omsorgsbustadane i Markegt. 55. Det betyr at dei som bur her kan velje å få alle måltid servert i fellesområde. Tidlegare har kvar bebuar måtte lage sin eigen mat. Dette er godt mottatt og vil gje eit ernæringsmessig og sosialt godt tilbod til dei som bur i desse bustadane.

Sjukefråværet i helse og velferd i positiv utvikling

Helse og velferdstenestane i Kinn har eit svært lågt samla fråvær for juli på 6,4. Samla for heile året er fråværet på 8,69. Då er vi på rett veg. Flott og godt jobba!

Kinn kommune nominert til ny pris

Kinn kommune er nominert til «Leve heile livet prisen». Dette er ei kvalitetsreform for eldre som bygger på ei stortingsmelding som kom i 2018.

Kinn kommune med musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal i spissen har jobba svært godt med denne reforma, og mange gode tiltak er satt i verk i eit tverrfagleg samarbeid mellom helse, kultursektor og frivillighetssentral.

Den årlege "Leve hele livet-pris" vert delt ut i november kvart år og skal stimulere til aktivitet og løfte fram kommunar som arbeider godt og systematisk. «Leve hele livet-prisen» 2019 gikk til Karmøy kommune. Prisen går til ein kommune som kan vise til både planlagte og gjennomførte aktivitetar og gode resultat på reforma sine område. Eg gratulerer med nominasjonen og ønskjer lukke til.

Stor interesse for å arbeide med Skram skule

Vi har mottatt heile seks tilbod om rådgjeving i samband med at vi startar arbeidet med kva vi skal gjere med Skram skule. Innkjøpsleiar melder at det har vore stor interesse for å delta i denne konkurransen. Seks tilbod er mange i eit slikt prosjekt.

Ny innkjøpar

Einar Stavang Haugerud er tilsett som ny innkjøpar i kommunen. Han er opphavleg frå Florø, men har budd dei sise 15 åra i Bergen. Det betyr at Florø og Kinn har fått fire nye innbyggarar. Velkomen og lukke til med nye utfordringar!

Ny landbrukssjef

Jon Anders Stavang vert tilsett som landbrukssjef i Kinn kommune. Jon Anders arbeider i dag som Fylkesgartner i Vestland fylkeskommune. Han har ein doktorgrad innanfor landbruk frå universitet på Ås. Jon Anders er frå Florø. Etter ein god del år ute i både inn og utland har han no komme tilbake til Kinn og Florø med familie. Vi gratulerer og lukke til med nye utfordringar.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør