Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar veke skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått. Dette vert det første fredagsbrevet etter sommarferien.

Førebels stans i arbeidet med nytt administrasjonsbygg i Florø

I går informerte eg formannskapet om at vi har stansa arbeidet med nytt administrasjonsbygg i Florø.

Årsaka er at eg pr i dag ikkje kan levere eit prosjekt som ligg innanfor den økonomiske ramma. Det er ei stund sidan ramma vart fastlagd, så det vil vere naturleg å justere den blant anna for prisauken som har vore i perioden. Sjølv ikkje med den justeringa føler eg meg trygg på at vi vil klare å kome i mål. Då meiner eg det vert feil å nytte meir pengar på eit prosjekt som ikkje leverer. Eg sa i formannskapet at eg vil kome attende med ei sak der dei kan tilrå kommunestyret kva veg vi skal ta vidare.

Rådhusprosjektet var kome godt i gang der både tilsette og innbyggarar har vore med i prosessen. Eit nytt bygg skal både gi eit betre arbeidsmiljø for dei tilsette, men er også viktig for byutviklinga.

Som kommunedirektør ser eg absolutt nytten av eit felles bygg for kommunen sin administrasjon. Tru meg. Vi driv ikkje effektivt nok i administrasjonen i dag. Vi ønskjer å betre på det, men då kan vi ikkje vere spreidd i fire ulike bygg i Florø.

Eit nytt administrasjonsbygg vil vere eit godt tiltak for ein meir effektiv administrasjon. Tidlegare utrekningar viser at vi faktisk vil oppnå ein slik gevinst med eit nytt fellesbygg. Det trur eg også vil gjelde sjølv om prisen for bygget vert større. Det er likevel slik at vi i dag ikkje har talmateriale som svarar på den økonomiske ramma for prosjektet. Då må vi ta ein førebels stans og vurdere kva vi skal gjere vidare.

Det er meininga å kome med ei sak til neste formannskapsmøte i oktober.

Kristin Maurstad får ansvaret for samferdsle

Samferdsle er viktig for Kinn. Vi arbeider strategisk og målretta for å nå fleire mål innan fagfeltet. Vi ser behovet for å styrke den administrative satsinga på området. Difor vert samferdsle no løfta opp på kommunalsjefnivå og Kristin Maurstad får ansvaret. Samferdsle er utfyllande i høve dei andre arbeidsoppgåvene til Kristin.

Vi kjenner også til at dei som har ansvaret for den politiske organiseringa ønskjer å styrke det same arbeidsfeltet. Mest truleg får vi eit eige utval som skal arbeide med det. Då vil Kristin representere kommunedirektøren der.

Det går mot to nye brannstasjonar

I går gjekk formannskapet inn for å bygge ein ny hovudbrannstasjon i Florø på Kringleskjæret. I Måløy skal den nye brannstasjonen ligge på Moldøen.

Saka skal avgjerast i neste kommunestyremøte og endeleg økonomisk ramme vert fastlagd i budsjettet for neste år, men det ser ut til å gå vegen no.

Eg vil takke brann- og redningstenesta og bygg- og anleggstenesta. Både for tolmodet og for to godt utgreidde saker. Dei nye stasjonane vil styrke beredskapen i kommunen vår og like viktig; bidra til eit betre og sikrare arbeidsmiljø for dei tilsette. Godt jobba!

Framleis korona

Covid 19 gir oss utfordringar. Eg vil igjen rose kommuneoverlegen og legekontora våre for måten dei tek fatt i dei ulike situasjonane. Vi veit at det er umiddelbare tiltak og gjerne karantene som hjelper oss mest. Ikkje testinga i seg sjølv. Den stadfestar eller avkreftar. Kommunen si beredskapsleiing følgjer med og er budd på å sette stab om naudsynt.

Nye prosjektleiarar i bygg og anleggstenesta

Vi har tilsett to nye prosjektleiarar inannfor bygg og anlegg. Dei vil vere viktige ressursar når kommunen skal realisere alle vedtekne byggeprosjekt som brannstasjonar, Skram skule, storhall og andre prosjekt. Dei som er tilsette er: Knut Reidar Christiansen med base i Måløy og Åsmund Nesbø i Florø. Vi gratulerer og ønskjer lykke til med nye utfordringar.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør