Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar veke skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått. Dette vert det siste fredagsbrevet før sommarferien.

Tenestetelefon og faktura

Frå no vil vi kjøpe ei teneste frå Telenor som handlar om kontroll av tenestetelefonar. Vi skal ikkje overvake deg, ver trygg! Utan å tenke over det, kan du stemme på kven som skal vinne Idol eller Stjernekamp. Dersom du gjer det med ein tenestetelefon får kommunen rekninga. Det blir feil. Omfanget er ikkje stort, men innbyggarane skal ikkje betale for underhaldingstenester. Difor har eg tatt ei avgjerd om at dersom jobbtelefonen vert nytta til det, og rekninga kjem over 16 kroner i månaden, vert du trekt det overskytande i løn. Det vart bestemt i eit møte måndag der også dei tilsette sine organisasjonar var med.

Nye reglement på veg

To nye reglement er no under arbeid og vert ferdigstilt i desse dagar. Det gjeld pressereglement og retningsliner for bruk av sosiale medium. Dei vart godkjende i leiargruppa måndag og vart handsama i administrasjonsutvalet onsdag denne veka. Desse reglementa gjeld tilsette i kommunen. Dei folkevalde har tinga eigne reglement om same tema. Det kjem etter ferien.

Over tre millionar kroner til kompetanseutvikling

Vi har snakka om kompetanseløftet i Kinn. Det vert eit langvarig prosjekt, men vi er i gang. Vi må prioritere midlar, men også søke der vi kan hente ressursar utanfor eigen organisasjon.Det har Vågsøy og Flora vore flinke til før.

No støttar Fylkesmannen oss med over tre millionar kroner til føremålet. Det er godt jobba av dei som har utarbeidd søknadane. Vi har fått midlar til å vidareutvikle familieteam i kommunen. Vi har fått midlar til vidareutdanning av fysioterapeutar. Det same gjeld opplæringstilskot til BPA (brukarpersonleg assistentordning). Mykje av midlane skal gå som stipend til 89 tilsette som held på med helsefag-, sjukepleiar- og vernepleiarutdanning. Det gjeld også 33 tilsette som tek vidareutdanning og master innan helse- og velferdsrelaterte fag.

Mange arbeider i Kinn kommune, men også mange sit på skulebenken innimellom. Lykke til!

Kommunestyret

Ein kommunedirektør skal seie lite om korleis folkevalde organiserer arbeidet sitt. Det er opp til dei folkevalde sjølve å finne tenlege ordningar. Det gjeld korleis dei arbeider og kven dei samarbeider med. Det er likevel ingen tvil; når politikken vert vanskeleg, vert også arbeidstilhøva til administrasjonen det.

Dei første seks månadane i Kinn har vore krevjande. Vi har brukt mykje tid på å svare på saker som eigentleg har vore avklara, men som enkelte finn vanskeleg å stadfeste. Det har enda i nye bestillingar til administrasjonen. Då vert det ikkje framdrift.

Eg leier 1600 tilsette som står på kvar einaste dag, anten i velferdsproduksjon eller med administrative oppgåver. Eg er bindeleddet mellom tilsette og folkevalde. Når det vert vanskeleg politisk, vert det utfordrande å motivere dei tilsette. Så enkelt er det.

Mitt håp for dei neste seks månadane og tida som kjem, er difor at når dei som fekk til intensjonsavtalen, vel å samarbeide, håper eg det vil sikre dei viktige sakene. At vi byrjar å sjå resultat av kommunesamanslåinga. Dei som bur i Kinn fortener det.

Skryt til Måløyrussen

Sist helg var Måløyrussen samla på Sætrasanden. Det har vore ein spesiell vår. Grunna korona må dei feire og feste på ein noko tilpassa måte. Vaktmeistrane i kommunen melder at russen rydda skikkeleg opp etter seg og dei bar fleire boss-sekkar til samleplassen. Stranda var blåst og dei fann ingen ting etter festen. Det vil eg takke russen for – og såleis er dei førebilete for mange vaksne som burde gjere det same.

Nyt ferien!

Du les siste fredagsbrevet før sommarferien. Eg ønskjer alle ein velfortent ferie. Våren 2020 vart spesiell av årsaker vi ikkje rår over. Hausten må gjerne bli spesiell, men då fordi vi gjer den det.

God sommar!

Terje Heggheim
Kommunedirektør