Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar veke skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Eit flott tilbod frå Florø bålbyggarlag saman med MS Atløy og segleskuta Svanhild

I dag fekk eg ein hyggeleg mail. Den kom frå Florø bålbyggarlag som har inngått eit samarbeid med veteranbåten Atløy og segleskuta Svanhild. 

Den 23. juni inviterer dei inntil 60 personar med seg ut på Florevika. Målgruppa er personar som til vanleg ikkje har høve til å vere i båt under jonsokfeiringa. Det kan vere eldre frå institusjonane våre, eller kan hende nokre av dei som bur i ein verna bustad. 

Turen vil vare i to til tre timar. Arrangørane ber om hjelp til nokre formalitetar og søkjer verksemdene om økonomisk bistand. Vi skal sjølvsagt hjelpe til med det formelle. Saka er alt sendt over til helse- og velferdssektoren som vil finne kandidatar som kan glede seg til ein hyggeleg kveld på sjøen. På vegner av kommunen vil eg takke for eit flott tilbod og vi ser fram til eit godt samarbeid om arrangementet.

Fylket samarbeidar om oppretting av fellesavdeling ved utvikling av pandemien

Dersom vi får nytt utbrot av koronasmitta ønskjer kommunane å samarbeide om oppretting av kohortavdelingar. Eit utbrot vil i utgangspunktet vere avgrensa lokalt. Det vil ikkje vere føremålstenleg at alle kommunane skal ha beredskap på å opprette pleieavdelingar i ein slik situasjon. 

Det vil koste mykje pengar for kvar kommune å ha beredskap for slike avdelingar. Eg ønskjer difor å orientere om at vi i samarbeid med nabokommunar og Helse Førde no ser på korleis vi kan opprette fellesavdelingar.

Korleis og kor desse avdelingane vert plasserte må vi kome attende til. No var det meininga å orientere om at det pågår eit slikt arbeid.

Sommar-SFO

I år vert det tilbod om sommar-SFO både i Florø og Måløy. For skulane i Måløy er dette nytt i år, og det har vore stor pågang for søknad til tilbodet. Sommar-SFO er lagt til Florø barneskole og Skavøypoll skule. Vi håper tilbodet vert tatt godt i mot.

Havbruksfond likevel

I går kveld sat vi i formannskapet og handsama revidert budsjett. Under møte fekk vi inn nyhende om at fleirtalet på Stortinget har vorte samde om å gje havbrukskommunane meir pengar. For Kinn kan det bety 20 millionar kroner meir enn kva vi har lagt til grunn i budsjettet. Det er flott, men det viser samstundes korleis rammefaktorane endrar seg under budsjettarbeidet. Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg var utdatert i det møte starta. Vi får likevel glede oss over at utfordringane vart noko mindre. Eg opplever dei framleis som store.

Dialogmøte med Vestland fylkeskommune om nye båtruter

Som kjent skal dei lokale båtrutene og ekspressen Selje-Bergen ut på nytt anbod. Etter første runde meinte Fylkesrådmannen at det vart for dyrt. For Kinn er det avgjerande at vi spelar inn interessene våre til den nye fylkeskommunen. Vår haldning er at vi må ha minmum det talet på bilførande fartøy som vi har i dag. Dette er viktig, spesielt i skjærgarden til Florø. 

Fylkeskommunen har difor invitert til dialogmøte med kommunane og skal møte Bremanger og Kinn 23. juni i år. For Kinn vil både det folkevalde og administrative nivået vere representert i møte.

Nærmar seg forhandlingar om Bryggja

Vi har mottatt brev frå Fylkesmannen om å starte eventuelle forhandlingar om grensejustering av Bryggja. I første omgang ønskjer Fylkesmannen å vite kva vi krev. Dette vil vi no sjå over og sende over til embetet. Det er vel mest truleg at sjølve forhandlingane startar rett etter ferien.

Neste veke

Måndag er det møte i kommunedirektørgruppa og utvida leiargruppe. Tysdag skal kommunestyret blant anna handsame revidert budsjett. Elles vil mykje av veka gå med til etterarbeid etter kommunestyremøte. Vi vil framleis ha fokus på drifta og tiltak som kan redusere kostnadane våre.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør