Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar veke skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått, og veka som kjem.

Ei langhelg for nokre, ei krevjande og dramatisk pinse for andre

Førre helg var var det pinse. Med den ekstra fridagen måndag, var det sikkert mange som nytta finveret til fritidssyslar på fjell og sjø.

For Kinn brann og redning vart helga krevjande med mange hendingar. Nokre av dei særs dramatiske med dødleg utfall. Fredagsnatta gjekk alarmen i Florø. Brann i bustadhus med full evakuering. Seinare same dag gjekk ein automatisk brannalarm i Måløy. Ein knapp time seinare gjekk alarmen i Florø igjen. Det vart søkt etter sakna båførar. Vart funnen omkomen. Seinare den kvelden gjekk alarmen i eit privat bustadhus i Florø. Det same skjedde i Måløy ein time etterpå.

Knapt eit døgn etter måtte redningsmannskapet i Florø ut for å hindre eit nytt branntilløp. Søndag skjedde den tragiske dødsulykka i Norddalsfjorden der ei ung dame forsvann i fossen. Det utløyste mobilisering av røykdykkarar i Kinn brann og redning.

Dagen etter, andre pinsedag på føremiddagen, vart det ny utrykking og nytt søk i sjøen i Florø. Full mobilisering, men det viste seg å vere ein stolen båt der føraren stakk av. I slike situasjonar opererer vi som ei tenkt drukningsulykke, alle styrker vert kalla ut. Til slutt og tidleg på ettermiddagen, automatisk brannalarm i eit bustadhus i Florø.

Mannskapet i Kinn brann og redning har gjort ein eineståande jobb. Det var også ein nytilsett med. Det var faktisk første vakta. Eg vil takke alle tilsette i tenesta for vel utførte oppdrag. Eg føler meg trygg på at innbyggarane set pris på alt de gjer for at det skal vere trygt å bu i Kinn kommune.

Prosjektmidlar til Måløy Vekst

Torsdag blei det kjent at Vestland fylkeskommune løyver 1.45 mill. kr. til Måløy Vekst sitt SmartBy-prosjekt, gjennom utlyste midlar til innovasjon og næringsutvikling.

Kinn kommune er samarbeidspart i prosjektet, i tillegg til at fleire andre aktørar er involvert. Målet er å gjere Måløy smartare, med tanke på mellom anna arealplanlegging, transport og mobilitet, og næringsutvikling. Ein skal ta i bruk digitale og innovative løysingar for å gjere Måløy og Kinn til ein betre by og kommune å vere i. Det er svært god digital kompetanse i Måløy, derfor er føresetnadane for å lukkast gode. Vi gratulerer Måløy Vekst med tildelinga, og ser fram til å delta i arbeidet.

Reguleringsplan rundt Florø barnskole

Formannskapet hadde møte tidlegare i veka og der vart ei sak om arbeidet med reguleringsplan rundt Florø barneskole vedteken. Den vert sendt vidare til kommunestyret. Det betyr at arbeidet med å regulere området frå sjukehuset til barneskulen snart kan begynne. Det vert lagt opp til ein prosess der dei tre faste utvala vil spele ei sentral rolle.

Helse- og velferdsutvalet med å ta i vare framtidge omsorgsoppgåver i det aktuelle området. Oppvekst- og kulturutvalet med same fokus for skulen sine interesser, blant anna med ny gymsal og meir. Til slutt vil plan og samfunnsutvalet spele ei rolle når det gjeld endeleg tilråding overfor kommunestyret. Prosessen vil lukkast best om alle utvala samkøyrer seg og koordinerer arbeidet, slik at vi ser heilskapen og kva som vil tene kommunen best.

Revidert budsjett

No i ettermiddag vert sak om tertialrapport og revidering av budsjettet sendt ut. Eg har før skrive om at det vert krevjande å kome i mål. Mindre inntekter og høgt forbruk i tenestene gjer situasjonen utfordrande for oss. No i ettermiddag vert sjølve saka sendt dei folkevalde og på fleire stader viser vi til ytterlegare tabellar i Framsikt. Framsikt vil bli publisert seinare i kveld og såleis vere tilgjengeleg for alle då. Når saka vert opna i formannskapet neste veke vil vi gjennomgå både saka og presentere meir av det som er lagt inn i Framsikt.

Neste veke

Måndag har vi dag 2 av leiarsamling i Måløy med fokus på plan, leiing og organisasjon. Det er også møte i Nordfjordrådet denne dagen. Det same gjeld eit årleg møte med Husbanken. Onsdag er det generalforsamling i Aksello. Torsdag møter formannskapet for å handsame årsrekneskap og årsrapportar, samt revidert budsjett.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør