Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar veke skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Kystrådet

Måndag hadde Kystrådet, som består av kystkommunane frå Stad til Gulen, møte via video. Hovudtemaet for møtet var utarbeiding av handlingsplan for Kystrådet. I det høvet var næringsselskapa langs kysten invitert til å seie noko om sine tankar om kva Kystrådet og næringsselskapa kan jobbe saman om. Både Måløy Vekst og Aksello kom med gode og konkrete innspel. 

Det er tydeleg at styresmaktene meiner næringsselskapa kan ta ei større rolle som samfunnsutviklar. Dei støttar gode prosjekt der selskapa aktivt tek initiativ til slike utvida oppgåver. Smartby-prosjektet som Måløy Vekst no tek initiativ til, er døme på det. 

I tillegg vedtok Kystrådet viktige uttalar om samferdsleinvesteringar langs kysten, opplæringsfartøy og innspel til finanskomiteen om ordninga for Havbruksfondet. Kinn kommune har overtatt sekretariatet for Kystrådet inntil varig ordning kjem på plass i løpet av 2020. 

Besøk i institusjonar

Det kjem raskt endringar i forhold til besøk på omsorgsinstitusjonane våre. I førre veke vart det opna for besøk i tilrettelagte besøksrom. Men no er det opna for besøk på rommet til bebuaren. 

Sjølvsagt gjeld generelle smittevernreglar, og det er utarbeidd nye rutinar for besøk som skal følgast. 
Med omsyn til smittevernutstyr så får kommunen sentrale leveransar ein gong i veka gjennom eit samarbeid med Helse Førde om fordeling. Vi har etter kvart bygd opp eit lite lager, men vi veit at får vi eit smitteutbrot så vil det raskt bli bruk for mykje utstyr. 

Opning av publikumskontora

Servicetorga i Kinn vil verte opna frå og med 15. juni.

Innan den tid skal vi ha på plass rutinar og utstyr for å ta imot innbyggjarane våre. Dette gjeld også dei ulike avdelingane som tek imot publikum. 

Gjennomgang av organisasjonen

Kommunestyret har vedtatt ein økonomiplan som får følgjer for kommunen si bemanning.
I tillegg kjem ei monaleg utfordring som følgje av revidert nasjonalbudsjett, og uvisse om tapte inntekter i koronatida, Havbruksfondet og redusert utbytte av eigarskapen vår.

Dette gjer situasjonen endå meir vanskeleg. Det blir mindre pengar til drift. Sjølv om det vert arbeidd politisk for å betre vilkåra for kommunane, må vi bu oss på mindre overføringar frå staten. Vi veit ikkje utfallet av dei politiske prosessane.

Det gjer til at vi må sjå på heile organisasjonen vår. I leiargruppa har vi byrja drøfte korleis ein slik jobb skal gjerast. Eg trur vi skal bruke eksterne ekspertar som ser Kinn-organisasjonen og samanliknar drifta vår med kommunar det er naturleg å samanlikne oss med.

Prosjektet som vart starta i Flora i 2018 kom aldri heilt i mål. Det var fordi tilsettingsprosessen i Kinn ikkje var foreinleg med ein nedbanningsprosess i same periode.

Vi har heller ikkje henta ut effektane av sjølve samanslåinga. Dei tilsette har stillingsvern som følgje av samanslåinga. Det skulle berre mangle. Vi er likevel nøydde til å gjennomføre ei nedbemmaning i kombinasjon med andre grep. Dette trur eg vil bli stadfesta i samband med revidert budsjett. Vi skal også hente effektar av nye digitale løysingar. Vi skal redusere sjukefråværet. Energiøkonomisering skal gi oss innsparingar og vi må gjennomføre sentralisering av administrative stillingar. Frå før veit vi at det er berre i heilt spesielle tilfelle vi lyser stillingane våre ut eksternt.

Vi har ikkje starta på arbeidet, men skriv no ein prosjektplan for korleis vi kan gå vidare. Eg vil prioritere eit godt samarbeid med dei tillitsvalde frå byrjinga av.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør