Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar veke skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Språkprofil for Kinn kommune

Leiargruppa har godkjend ein ny språkprofil for kommunen. Den skal hjelpe oss med å skrive tekstar som alle kan forstå. Vi skal vere ein kommune alle kan forstå. Vi skal bort frå det stive og byråkratiske språket. Vi skal skrive eit språk folk forstår. Klart språk! Det er ein demokratisk rett å forstå offentleg informasjon!

Vi skal ha eit nært, tydeleg og enkelt språk. Det skal ligge så nært opp til daglegspråket som råd. Tydeleg, slik at det kjem godt fram kven som har ansvar og kven som utfører. Tekstane skal vere enkle og oversiktlege. Vi må fjerne støy i teksten, og ha ein oversiktleg struktur med overskrifter, mellomtitlar og punktlister. Vi skriv forståelege og ryddige setningar, med ord som lesaren kan forstå.

Språkprofilen er delt i to. Del 1 tipsar oss til å skrive gode tekstar. Del 2 handlar om skrivereglar.

No skal vi starte arbeidet med å gjere språkprofilen kjend for alle som skriv på vegner av kommunen. Det er som regel lett å gjere vedtak, noko anna å sette det i verk.

Reinhaldet i kommunen

Reinhaldet er krevande for tida, det er mange kontaktpunkt som skal reingjerast dagleg. Det er likevel viktig å påpeike at om avdelinga skulle bli ramma av sjukdom ville det bli enda meir krevande. Heldigvis er reinhaldarane veldig fleksible og løysningsorienterte, dette gjer at vi klarer å løyse oppgåvene. Ein stor takk til reinhald for det.

Investeringar

Det er vedteke investeringar i Kinn for ca 375 mil kr. i 2020. Det er mange i organisasjonen som arbeider med å realisere desse. På tross av det klarer vi ikkje å handtere alle like raskt som vi ynskjer. Vi arbeider no med å sjå på korleis vi kan auke ressursane til prosjektleiing. Samtidig ser vi også på korleis vi kan organisere oss slik at vi kjem i mål som forventa med alle prosjekta våre.

Koronasituasjonen

Vi har no ikkje hatt nokon smitta med Covid-19 i ein lengre periode, så smittemessig ser situasjonen i Kinn veldig bra ut. Det vi må passe best på er at vi ikkje får smitte inn på institusjonane våre. Der er pasientar som har fleire underliggande sjukdommar og som er i risikogruppa dersom dei vert smitta. Derfor er besøksrestriksjonane på institusjonane fortsatt strenge.

Vi har i ein periode opna for besøk utandørs. Men vi legg no til rette eit besøksrom på kvar institusjon der pårørande kan besøke sine etter avtale med institusjonen. Her følgjer vi FHI sine retningslinjer.

Systematisere planverka våre

Den 5. og 8. juni samlar vi leiargruppa og delar av stabane i Måløy. Målsetjinga med samlinga er å arbeide vidare med korleis vi skal knytte mål, handlingar, oppdragsbrev og økonomi saman på ein god måte, slik at vi får ein raud tråd i plansystemet vårt. Kinn kommune har vald å ta i bruk Framsikt som overordna system for å samordne dei ulike prosessane som går føre seg i årshjulet.

Arbeidet desse dagane vil vere knytt til å finne dei gode og realistiske løysningar på ulike utfordringar vi ser her. Nokre av desse problemstillingane hadde vi ein god runde på i kommunedagen den 28. februar, men som vi alle veit har tida etter dette hatt fokus på beredskap i Covid-19-situasjonen vi har vore oppe i, og som framleis pregar drifta vår i kvardagen.

Denne samlinga er ein ny etappe i eit lengre løp for å lage gode løysingar som heile organisasjonen kan ta del i.

Neste veke

I neste veke er det møte i Kystrådet på måndag. Tysdag har kommunestyre møte, med eit formannskap i forkant. Sakene finn du på heimesida til kommunen. Elles går mykje av veka med til rapportering og arbeidet med revidert budsjett

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør